Assange er skulda for seksuelle overgrep mot to svenske kvinner, og han er etterlyst av svensk politi. Assange har sidan 2012 opphalde seg på Ecuadors ambassaden i London, etter å ha fått politisk asyl i landet.
Den svenske påtalemakta har gjort det klart at dei ynskjer å ta DNA-prøver av han.
Redd for utlevering
Assange har nekta å stille til avhøyr i Sverige, fordi han er redd for å bli utlevert til USA.
Assange, som er australsk statsborgar, nektar å stille til avhøyr i Sverige, fordi han er redd for å bli utlevert til USA. Der risikerer han tiltale for det som blir rekna som den største lekkasjen av hemmelegstempla informasjon i USAs historie.
Sverige har prøvd å få Assange utlevert frå Storbritannia, og statsadvokat Marianne Ny seier at han absolutt burde avhøyrast i Sverige, men at det no hastar å få avhøyrt han. Dermed kan ho godta eit avhøyr i London, sjølv om det er fare for at avhøyret ikkje vil føre til noko resultat.
Marianne Ny fryktar at saka skal bli forelda før dei får sjanse til å avhøyre Wikileaks-grunnleggjaren.
– Kan ta lang tid
Den svenske forsvararen til Assange, Per Samuelson, seier til Reuters at han ser positivt på utspelet frå den svenske påtalemakta om å avhøyre klienten hans i London, men fryktar at prosessen kan ta lang tid.
– Dette kan kome til å ta lang tid, trass i at vi har hastverk. Men vi ser på dette som ein stor siger, for det er eit avhøyr i London vi har ynskt heile tida, seier Samuelson.
Årsaka til at prosessen kan ta tid, seier han, er at den formelle oppmodinga om eit avhøyr i London inneber også fleire formelle krav, som blant anna at både Storbritannia og Ecuador må gå godkjenne eit slikt avhøyr.