Den vesle gnomen vart borte frå hagen til Eve Stuart Kelso i januar i år, og ho rekna med aldri å sjå han igjen.
Men for nokre dagar sidan fann ho ein pakke på trappa si. Murphy hadde kome heim, og saman med han låg ein flott fotoalbum.
Her var Murphy fotografert ulike stader rundt om i verda, saman med ein mann som kallar seg "Bjørnen".
Kanskje fekk han ideen etter å ha sett den franske filmen "Den fabelaktige Amelie frå Monmartre", der ein hagegnom på langtur spelte ei viktig rolle.
Her er bilete av Murphy på badeferie i Thailand, under fjellklatring på New Zealand, framfor operaen i Sydney, på krokodillesafari i den australske øydemarka og framfor historiske tempel i Kambodsja.
Eve Stuart Kelso har ikkje peiling på kven som har teke med seg hagegnomen hennar til fjerne himmelstrok, men seier at ho ikkje kan anna enn å le av heile greia.
Men no er det slutt på det søte livet for Murphy. Han er tilbake på sin gamle plass i hagen i Gloucester.
Og Eve Stuart Kelso har eit flott fotoalbum ho kan kose seg med.
Eve Stuart-Kelso har fått igjen hagegnomen sin.
Foto: BBCGnomen Murphy tilbake på sin faste plass i hagen.
Foto: BBC