Hopp til innhold

Global rangering: Nesten alle universitet i Kina rykker opp

I intens konkurranse med Kina har mange kjende utdanningsinstitusjonar verda over fått ei dårlegare rangering enn i fjor.

-

TOPPUNIVERSITET: Kinesiske styresmakter satsar knallhardt på høgare utdanning for forsking.

Foto: SipaUSA

Samtidig gjer heile 96 prosent av kinesiske universitet det betre i år enn i fjor.

Rangeringane frå CWUR er basert på kvalitet på innhaldet i utdanninga, fakultetet og forsking, og kor mange av studentane som får jobb etter studiet.

Dei har samla inn denne informasjonen frå litt under 20.000 akademiske institusjonar verda over, og brukt den til å lage ei full rangeringsliste.

China Tech Expo

Tsinghua universitet inviterte til ei teknologiutstilling i september 2021, der ein viste frå nokre av Kina sine tekniske innovasjonar.

Foto: Mark Schiefelbein / AP

Blant dei kinesiske ligg Tsinghua University i Beijing øvst, på 44.-plass på lista.

Tsinghua har vore involvert i utvikling av kinesiske koronatestar og i mikrochip-kappløpet mot blant anna USA.

Det skryt også over mangfaldet sitt på nettsidene sine, der det står at fleire enn 4000 studentar frå 130 land studerte der i 2019.

At tala ikkje er nyare, har truleg noko med den totale nedstenginga landet har sett som følge av koronapandemien.

Først i januar i år blei det igjen mogleg for utanlandske studentar å besøke landet.

Tsinghua University i Beijing

Tsinghua-universitetet i Beijing har over 4000 utanlandske studentar frå 130 land.

Foto: AFP

Harvard på topp

Aller øvst på heiderslista ligg tradisjonsrike Harvard. På andreplassen ligg Massachusetts institutt for teknologi (MIT) og på tredje plass Stanford University

Dette er det tolvte året Harvard har enda opp på topp. Men heile 80 prosent av amerikanske universitet gjør det verre i år enn året før.

Harvard

Harvard er framleis på topp i den globale universitetsrangeringa.

Foto: MADDIE MEYER / AFP

Det same gjeld 60 prosent av britiske universitet, sjølv om universiteta i Oxford og Cambridge begge var med i topp 10.

Professor Irene Tracey ved Oxford-universitet seier til avisa Telegraph at «vesentleg investering og støtte som er lagt inn av land som Kina» truleg er årsaka til dette.

Vi er i ein global konkurranse, og med mindre vi møter denne utfordringa, vil Storbritannia sin posisjon som ei vitskapsmakt og eksportkjelde vere i fare, legg ho til.

Britain Royals

Charles, då prins, i møte ved studentar på Oxford University sitt Trinity College.

Foto: Kirsty Wigglesworth / AP

Utdanningsinstitusjonar i USA og Storbritannia er for tida under stort press frå Kina.

Dei kinesiske styresmaktene har nemleg via store investeringar til høgare utdanning gjennom handlingsplanen Double First-Class University Plan.

Denne har som mål å skape ei gruppe av universitet og disiplin i verdsklasse, blant dei materialteknologi, ingeniørstudium og kvantefysikk, innan 2050.

Også nedrykk for mange norske universitet

I årets rangering er Universitetet i Oslo nede på 83.-plass i tabellen.

Det er framleis det best rangerte norske universitetet, godt framfor NTNU (178.) og Universitetet i Bergen (286.).

UiO har med dette falt fem plassar på tabellen sidan i fjor. NTNU har falt to plassar, medan UiB har same rangering.

Av dei 13 norske universiteta på CWUR-rangeringa, gjorde ni det dårlegare i år enn i fjor.

Koronaviruset setter sitt preg på Norge

UiO sin plass på universitetstabellen har svinga heilt frå 111.-plass i 2014 til 56.-plass i 2019. No er den nesten akkurat midt imellom.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Universitetet i Bergen fekk same rangering, medan Oslo Mets idrettshøgskole og Universitetet i Agder gjorde det betre enn i fjor.

Frå hausten 2023 må internasjonale studentar som ikkje er frå EØS-land eller Sveits, betale for å studere i Noreg.

Om dette vil ha ein effekt på neste år sine tal, vil berre tida vise.

SISTE NYTT

Siste nytt

OSIRIS-REx har vært 7 år i verdensrommet, og er nå tilbake på jorda.

Historisk Nasa-landing kan gi svar på livets opp­rinnelse

Prøver fra romsonden Osiris-Rex har akkurat landet i ørkenen i Utah. Nasa håper prøvene kan fortelle oss hvordan livet på jorda begynte.

Marko havnet i leirskredet: – Bilen bare fløy

Marko Mijatovic var på vei hjem da han svingte inn på E6. I det stummende mørket var det en avgrunn der veien skulle vært.