Hopp til innhold

Gjev hastelån og krisekreditt til Hellas

ATEN (NRK): Dei greske bankane opnar igjen måndag. Det skjer etter at bankane no har fått auka krisekreditten med 900 millionar euro. EU-landa gjev dessutan Hellas sju milliardar euro i hastelån.

EUROZONE-GREECE/ Euro coins are seen in front of a displayed Greece flag in this photo illustration taken in Zenica

EU-landa er samde om å bruke eit fellesfond til å gje Hellas eit hastelån.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

Natt til torsdag stemte eit fleirtal i den greske nasjonalforsamlinga for avtalen som utgjer grunnlaget for eit nytt låneprogram for Hellas.

No kjem dei første resultata av denne avgjerda.

Utpå ettermiddagen torsdag blei finansministrane i eurolanda samde om å starte forhandlingar med Hellas om ein treårig lånepakke.

– Eurogruppa helsar velkommen vedtaket i den greske nasjonalforsamlinga, heiter det i ei fråsegn etter møtet.

Statsminister Alexis Tsipras var blant dem som stemte

Statsminister Alexis Tsipras var blant dei som stemte for då den greske nasjonalforsamlinga natt til torsdag gjekk med på avtalen som skal sikre nye kriselån til Hellas. Men ikkje alle i regjeringspartiet Syriza stemte for avtalen.

Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / Reuters/NTB Scanpix

Når forhandlingane kjem i gang, er håpet at dei skal føre til ein lånepakke på inntil 86 milliardar euro frå krisefondet ESM.

Får strakshjelp

Men Hellas har behov for hjelp straks.

Derfor er EU-landa blitt samde om å bruke eit fellesfond til å gje Hellas sju milliardar sårt tiltrengte euro i hastelån. Dette svarar til 62 milliardar kroner etter dagens kurs.

Hellas har bruk for eit slikt lån no med ein gong for å halde økonomien flytande mens det blir forhandla om ein langsiktig lånepakke.

Jan Espen Kruse rapporterer fra Aten

Grekarane er letta, men også spente på kva som skjer vidare, fortel reporter Jan Espen Kruse i Aten.

Større kreditt

Torsdag ettermiddag blei det også klart at Den europeiske sentralbanken (ESB) aukar tilførselen av krisekreditt til greske bankar for å bidra til at dei kan opne igjen. Banken hevar taket med 900 millionar euro.

Krisa har tvinga bankane til å halde stengt i fleire veker, og dei daglege uttaka i minibank er sette til maksimum 60 euro per person for å hindre at bankane går tomme for pengar.

Minibankkø i i Aten

Grekarane har lenge stått i kø for å ta ut pengar i minibankane. No ser dei fram til at bankane opnar igjen på måndag.

Foto: Kristian Elster / NRK

Håp om normalisering

For grekarane er dette godt nytt.

Og torsdag kveld stadfesta styresmaktene at bankane opnar igjen måndag. No håpar grekarane at økonomien etter kvart vil fungere normalt.

Etter vedtaket i natt meiner mange at regjeringa har svikta. Andre er i sjokk, for dei meiner at dei får noko som folket ikkje vil ha, nemleg nye krav om innstramming i økonomien.

Men samtidig er dei letta, for no ser dei den positive effekten av vedtaket. Landet får sårt tiltrengt hjelp til å komme seg ut av det økonomiske uføret.

Men mange er spent på korleis dei økonomiske sparetiltaka vil slå ut i praksis.

SISTE NYTT

Siste nytt