Det er ein imponerande konstruksjon. Gjerdet strekk seg 186 kilometer gjennom tjukk skog og myrland som vanlegvis berre er busett av bøffelflokkar.
Men i fjor byrja det å strøyme tusenvis av menneske frå Midtausten til dette øyde området på EUs austlege yttergrense.
Polske og europeiske styresmakter skulda leiarane i Belarus og Russland for å organisere transport til grenseområdet. Asylsøkarar som NRK snakka med den gangen fortalde at dei hadde blitt trua og banka med køller om dei nekta å gå dei siste meterane inn i Polen.
På polsk side var det fleire samanstøyt mellom flyktningar og migrantar og polsk grensepoliti.
Dette blei kalla «hybridkrig» fordi ein meinte at Russland på denne måten prøvde å skape ei ny flyktningkrise og politisk uro i Den europeiske unionen.
Både Belarus og Russland har kategorisk avvist dette.
Uansett var det ein dramatisk situasjon på grensa der minst 20 menneske fraus i hel i vinterkulden. Polske styresmakter innførte unntakstilstand, noko som hindra journalistar og menneskerettsorganisasjonar frå å rapportere om skjebnane på grensa.
Slik ser stålkonstruksjonen ut på nært hald.
Foto: Radoslaw Dimitrow / NRKGjerde bygd i rekordfart
Det har teke om lag eit halvt år å bygge gjerdet som polske styresmakter meiner er heilt nødvendig for å ha kontroll på grensa.
Gjerdet er fem og ein halv meter høgt og ein og ein halv meter djupt.
Lokale folk som bur ved gjerdet fortel at det
Andrzej er glad for at det no har kome eit gjerde på grensa.
Foto: Radoslaw Dimitrow / NRKallereie er gjort forsøk på å sage ned stålpilarane og å grave tunnelar. Grensepolitiet og den polske hæren patruljerer difor grensa hyppig både langs bakken og frå lufta med helikopter.
Andrzej er letta over at det no har kome på plass eit gjerde.
– Det vil ikkje stoppe alle migrantane, men det er til stor hjelp. Det vil i det minste gje grensepatruljane til å rykke ut, fortel han til NRK.
Skuldar grensepoliti for menneskesmugling
Talskvinne for grensepolitiet, Katarzyna Zdanowicz, fortel til NRK at trass i dette klarar ti til femten menneske å krysse grensa kvar dag. Årsaka er at deler av grensa er så utilgjengeleg at det ikkje er praktisk mogleg å bygge gjerde. Langs deler av grensa går også ei stri elv i ulendt terreng.
Talskvinne for grensepolitiet i Podlasie-regionen Katarzyna Zdanowicz.
Foto: Radoslaw Dimitrow / NRKHo hevdar også at grensepolitiet i Belarus driv med menneskesmugling:
– Før så brukte vi å patruljere grensa saman med kollegaene våre i Belarus. Samarbeidet gjorde at vi hadde veldig få ulovlege grensepasseringar. Men akkurat no så må vi vere på vakt mot grensepolitiet i Belarus fordi dei diverre tek ein aktiv del i menneskesmuglinga på grensa, fortel Zdanowicz til NRK.
Desse skuldingane avviser Belarus.
– Gjerdet er til stor hjelp
Folk ved grensa ynskjer stort sett gjerdet velkomen.
I grensebyen Kuznica møter vi Elżbieta ved ei daglegvareforretning som ligg 50 meter frå grensa.
– Eg er for grensegjerdet. Det hindrar ulovlege grensepasseringar og grenselova må gjelde alle, fortel ho.
Dagleglivet har blitt normalt igjen no når unntakstilstanden er over. Turistar kan igjen besøke dei populære restaurantane i området.