Hopp til innhold

Gjer det vanskelegare å få statsborgarskap

Ein brei koalisjon av danske parti har gått inn for å stramme inn reglane for å få statsborgarskap.

Lars Løkke Rasmussen

STRAMMAR INN: Regjeringa til Lars Løkke Rasmussen får støtte frå ein brei koalisjon av parti i å innstramme reglane for å få statsborgarskap.

Foto: Simon LÊss¯e, Simon Læssøe / NTB scanpix

Det er tale om ein «gedigen innstramming» ifølge utlendingsminister Inger Støjberg frå Venstre. Det er forutan regjeringspartiet ein brei koalisjon som står bak innstramminga; Dansk Folkeparti, Liberal Alliance, dei konservative og sosialdemokratane.

– No sikrar vi at det er dei som beherskar det danske språk, kan forsørgje seg sjølve og held seg unna kriminalitet som får statsborgarskap, seier Støjberg til DR.

Det vert med dei nye reglane stilt høgare krav til dansk språkkunnskap og allmennkunnskap.

Ein går med dette tilbake til kravet om dansktest 3 som vart justert til eit krav om dansktest 2 i 2013, med visse unnatak.

Kravet om test av allmennkunnskap er ikkje nytt, men ein får no fleire spørsmål, 40 i motsetning til 30 til no, og ein må klare 32 riktige (22 i dag).

Det vert også vanskelegare å få statsborgarskap om ein har gjort noko kriminelt. I dag er det ein karensperiode på alt frå 3 til 20 år, og denne vert no dobbelt så lang.

Danmark har det strengaste regelverket for å få innvilga statsborgarskap av dei skandinaviske landa. Men i fjor opna dei for dobbelt statsborgarskap, medan Noreg framleis har som hovudregel at ein berre skal kunne ha eitt statsborgarskap.

SISTE NYTT

Siste nytt