Sinne mot statsministeren etter gruvekatastrofen i Tyrkia

Rasande menneske gjekk til angrep på bilen til Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan utanfor ulukkesgruva i Soma i dag. I kveld er det store demonstrasjonar mot statsministeren i fleire byar.

Erdogans bil angrepet

VIDEO: Rasande menneske angreip bilen til Erdogan.

Bent Tanstad
Journalist

Fleire tusen menneske demonstrerer i kveld mot statsminister Recep Tayyip Erdogan fleire stader i Tyrkia, etter gruveulukka der fleire hundre menneske har mist livet.

Politiet brukar tåregass mot demonstrantar både i hovudstaden Ankara og i Istanbul, den største byen i landet. Politiet slo i kveld til mot mellom 3000 og 4000 demonstrantar i sentrum av Ankara. Seinare på kvelden vart det meldt om samanstøytar også på den asiatiske sida av Bospurus.

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan.

Statsminister Recep Tayyip Erdogan vart møtt med fyord og pipekonsert då han kom til gruveområdet i Soma i dag.

Foto: Emrah Gurel / Ap

Fleire tusen deltek i samanstøytane med politiet også i Istanbul, og her har politiet også skote gummikuler mot demonstrantane. Fleire menneske er skadde i uroa, melder AFP.

Rettar seg mot Erdogan

Sinnet rettar seg i stor grad direkte mot statsministeren, som mange meiner har ignorert varsel om manglande tryggingstiltak i ulukkesgruva. Tidlegare i dag gjekk rasande menneske til direkte angrep på Erdogans bil då han var på veg ut av gruveområdet.

Erdogan gjorde det ikkje betre for seg sjølv då han på ein pressekonferanse tidlegare i dag sa at gruveulykker er heilt vanlege ting. For å bevise at dette er noko som skjer over alt viste han til store ulukker i Storbritannia på 1800-talet og i USA tidleg på 1900-talet.

Han viste også til gruveulukker i Frankrike og Kina på 1900-talet for å vise kor vanleg det er med gruveulukker, også i moderne industrinasjonar.

Laster Twitter-innhold

LES OGSÅ: Her flykter gruvearbeiderne

LES OGSÅ: Tre dagers landesorg i Tyrkia

Sigurd Falkenberg Mikkelsen i Soma

VIDEO: Sigurd Falkenberg Mikkelsen på plass i Soma.

Direkterapportering fra Tyrkia

Sparka inn i Erdogans bil

Det oppstod spontane protestar mot Erdogan blant dei mange pårørande og arbeidarane som var der då statsministeren vitja gruveområdet i dag. Det vart ropt slagord mot han og regjeringa hans utanfor bygningen der han heldt pressekonferansen, og det var ein øyredøyvande pipekonsert.

Rasande menneske slo og sparka mot bilen til statsministeren då han forlèt gruveområdet, ifølgje fleire tyrkiske nyheitsmedium. Ifølgje den tyrkiske avisa Hurriyet måtte statsministeren søke tilflukt i ein butikk i ein periode, fordi tryggingsvaktene hans meinte at han var trua av folkemengda.

Erdogan lovde på pressekonferansen at gruveulukka, som kan ha kosta rundt 400 menneske livet, skal grundig etterforskast, men sa samstundes at Soma-gruva var ei av dei tryggaste i Tyrkia.

Opptøyer i Tyrkia

VIDEO: Demonstrasjonar mot regjeringa i Tyrkia.

Demonstrasjon mot Erdogan i Ankara.

Rundt 800 studentar prøvde å marsjere mot energidepartementet for å demonstrere mot regjeringa.

Foto: OZAN KOSE / Afp

LES OGSÅ: – Gruveulykken er en massakre på arbeidsfolk

LES OGSÅ: – Gruveulykken er en massakre på arbeidsfolk

Avviste gransking

Demonstrasjon i Ankara.

Ein politimann prøver å kome seg unna ei brannbombe under demonstrasjonen i Ankara.

Foto: STRINGER / Reuters

I dag har det også kome fram at det nyleg vart sett fram krav om at gruva i Soma skulle granskast, men at regjeringa til Erdogan avviste dette.

I ettermiddag starta rundt 800 studentar ved Universitetet ODTÜ i Ankara ein demonstrasjon mot Erdogan og regjeringa hans etter gruveulukka. Dei prøvde å marsjere mot bygningen til energidepartementet, men dei vart hindra av politiet.

Dei svarte med å kaste brannbomber mot politiet.

Politiet brukte vasskanonar og tåregass mot demonstrantane, samstundes som dei gjennom høgtalarar åtvara dei mot å demonstrere og setje seg opp mot politiet i den tre dagar lange sørgjeperioden, som vart innført etter gruveulukka.

I kveld deltek mellom 3000 og 4000 menneske i demonstrasjonar mot regjering i byen.

Protestar også i Istanbul

I Istanbul gjekk ei gruppe ungdomar inn i hagen til hovudkvarteret til selskapet som eig gruva, Soma Coal Mining Company, i byen. Dei skreiv «mordarar» på veggen. Dei bar også plakatar med tekstar som : «Denne bygningen er bygd på blodet til arbeidarane» og «Det var ingen vakker død. Dette er drap, ikkje tru».

10–15 ungdomar la seg ned på golvet på ein T-banestasjon i Istanbul for å symbolisere dei mange omkomne i kolgruva i Soma.

I kveld deltek fleire tusen menneske i nye demonstrasjonar i byen mot den tyrkiske regjeringa. Det blir meldt om harde samanstøytar, og det skal vere fleire skadde.

Ifølgje dei siste tala er 274 menneske stadfesta omkomne i gruveulukka, medan rundt 100 framleis er sakna. Gruveselskapet opplyser at 450 arbeidarar er berga ut i live.

Det vart kasta brannbomber mot politiet i Ankara.

Det vart kasta brannbomber mot politiet under demonstrasjonen i Ankara i ettermiddag.

Foto: STRINGER / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt