NRK Meny
Normal

Gjekk bananas på romstasjonen

– Hadde behov for litt humor for å sprite opp dette året i verdsrommet, skreiv NASAs Scott Kelly på Twitter. Ein gorilladrakt gjorde susen. Kollegaen fekk seg ein alvorleg støkk.

– Hadde behov for litt humor for å sprite opp dette året i verdsrommet, skreiv NASAs Scott Kelly på Twitter. Ein gorilladrakt gjorde susen. Kollegaen fekk seg ein alvorleg støkk

- Var du "skræmt" no? Ja, Tim Peake blei nok det - då "romkameraten" plutseleg dukka opp som gorilla.

Det er berre dagar igjen til Scott Kelly skal returnere til jorda etter eit år på den internasjonale romstasjonen (ISS). Så han bestemte seg for å ha litt moro med "romkameraten" sin, Tim Peake, før avreise.

Han drog på seg ein gorilladrakt og gøymde seg i ein plastkasse. Tim såg mildt sagt temmeleg forvirra ut då Scott plutseleg hoppa ut, og jaga kollegaen rundt i laboratoriet med gorilladrakta på. Seansen blei filma, og er blitt svært populær på Scott Kellys Twitter-side.

  • Les også:

Men ifølgje RT News er det ikkje alle som set like stor pris på spøken. Keith Cowing, ein tidlegare tilsett ved NASA, meiner det ikkje passar seg, i lys av dei store kostnadene ved å halde romstasjonen i drift, og det store potensialet for å utnytte tida på stasjonen til effektiv forsking. Cowing kommenterte gorilla-spøken på nettstaden NASA Watch, som han er redaktør for.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt