NRK Meny
Normal

Gisseltakar skoten og drepen

Ein væpna mann som tok fem brannfolk som gislar i eit bustadhus i byen Suwanee i Gwinnet County i den amerikanske delstaten Georgia, er no skoten og drepen av politiet.

Gisselaksjon i Atlanta

Då politiet storma huset blei dei fire gislane lettare skadd, medan gisseltakaren altså blei skoten og døydde.

Foto: HANDOUT / Reuters

Edwin Ritter ved politiet i Gwinnet County sa i natt norsk tid at brannfolka rykte ut til bustaden etter meldingar om at nokon var komen til skade der.

Han kunne ikkje seie noko om kva motiv gisseltakaren måtte ha.

Ei spesialgruppe frå politiet, eit såkalla SWAT-team, rykte ut og plasserte seg utanfor huset.

Politiet bad fjernsynsstasjonar i området om ikkje å sende helikopter inn over området, melde Myfoxatlanta.com .

Ein fri før midnatt

Politiet opplyste på ein pressekonferanse like før midnatt norsk tid at ein av brannmennene som var teken som gissel, var sett fri. Dei andre fire var då framleis inne i huset.

– Me har ikkje informasjon om at nokon er skadde og håpar på ei fredeleg løysing, sa Tommy Rutledge i lokalt politi til TV-stasjonen FOX 5 News ved midnatt.

Då politiet storma huset blei dei fire gislane lettare skadde, medan gisseltakaren altså blei skoten og døydde. Ein politimann fekk skotskader, men ikkje alvorlege.

Fjernsynsstasjonen CNN melder at den væpna mannen tok gislane etter at han hadde ringt og bedt om medisinsk hjelp.

Suwanee ligg rundt 50 kilometer frå storbyen Atlanta.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt