Gisseldrama i London – ein mann er no arrestert

Politiet har arrestert ein mann etter at fire personar vart tekne som gislar ved Tottenham Court Road i London. Gisseltakaren festa ein gassbehaldar til kroppen, og truga med å sprengje seg sjølv.

Gisseldrama i London

Dette biletet teke frå ein amatørvideo viser korleis politimannskapen storma bygninga.

Foto: Ap

Politiet har no arrestert gisseltakaren som i fleire timar førte til at heile London haldt pusten. Etter å ha blitt nekta eit lastebilførarkort skal han ha storma inn på eit kontor, og ha festa ein gassbehaldar på kroppen.

Han tok fleire gislar i fleire timar, og kasta mykje kontorutstyr, datamaskinar og møblar ut av vindauget i femte etasje.

Situasjonen starta rundt klokka 13.00, norsk tid.

Gisseldrama i London

Ein væpna politimann er på staden der gisseldramaet spelar seg ut. Politiet har sålangt ikkje kontroll på situasjonen.

Foto: LUKE MACGREGOR / Reuters

– Bryr seg ikkje om livet sitt

Abby Baafi er sjefen på eit kontor som tilbyr køyreopplæring for lastebilar. Ho var vitne til at mannen storma inn på kontoret.

– Me var på kontoret og nokon kom inn. Eg kjente han igjen fordi han var ein av dei tidlegare kundane våre. Han kom inn med store gassbehaldarar festa til kroppen og truga med å sprengje kontoret i lufta, sa ho til Huffington Post.

Mannen skal ha sagt at han ikkje lenger har noko å leve for.

– Han sa at han ikkje lenger brydde seg om livet sitt, eller om noko anna.

– Heilt kaos

Nikolai Vorkinn er ein norsk student ved University College London, og skildrar situasjonen som kaotisk overfor NRK.no.

– Store delar av universitetet har blitt evakuert, og bussar er blitt omdirigert. Situasjonen i nabogata Gower Street er heilt kaotisk.

Mange studentar som er midt i ekisamensførebuingane måtte bli evakuert frå universitetet.

– Eg trur folk reagerte litt med sjokk, det er jo eksamenstider no. Folk var veldig spente på kva som var skjedd med universitetsbygningane. Det er veldig mykje folk i gatene, men no har folk roa seg litt og kome seg unna, seier Vorkinn.

Tottenham Court Road fungerer som ei hovudpulsåre i sentrale London, og Vorkinn fortel at stenginga av denne gata har skapt stort trafikkaos i store delar av sentrum.

Video Gisseldrama i London

Kontorutstyr ligg strødd på gata utanfor bygningen ved Tottenham Court Road i London, etter at gjerningsmannen har kasta ut tinga frå eit vindauge i 5. etasje.

Foto: Nyhetsspiller

Har fått kontakt med mannen

Gisselsituasjon i London

Det er oppstått store trafikkproblemar i sentrale London, og fleire undergrunnsstasjonar er blitt stengt.

Foto: DANIEL SORABJI / Afp

Over 1000 arbeidarar vart evakuert frå bygningar i området. Bombeekspertar og trente gisselforhandlarar kom raskt til staden.

Politiet såg svært alvorleg på hendinga, og ifølgje kjelder har dei rangert hendinga som nummer 9 på ein skala som går frå 1 til 10 på alvorsgraden av hendinga.

Politiet stadfestar ifølgje Sky News at dei har fått kontakt med mannen, som er i 5. etasje i bygningen, men ville ikkje seie om dette betyr at dei har starta noko form for forhandlingar. Dei vil ikkje skildre dette som ein terroraksjon, men ein situasjon der ein mann har gått amok på grunn av sine personlege problem.

Ifølgje vitneskildringar er snikskyttarar blitt observert på tak rundt bygningen der gisseldramaet går føre seg.

Fleire undergrunnsstasjonar er blitt stengt i området rundt, og politiet har utvida sperringa fleire gonger.

Er du i nærleiken? Tips NRK.no på telefon +47 23 04 77 77.

NRK.no oppdaterer saka, sjekk tilbake for siste versjon.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt