Hopp til innhold

Gisseldramakafé opna att i Sydney

Lindt Café i Sydney vart plutseleg sentrum av verdas merksemd då ein mann tok tilsette og gjestar som gislar. I dag opna kafeen dørene att, tre månader etter dramaet.

AUSTRALIA-TERROR-SIEGE-CAFE-OPEN

Journalistar og andre gjestar hadde møtt opp i hopetal då Lindt Café opna att i Sydney. Det er no tre månader sidan kaféen var sentrum for eit gisseldrama.

Foto: PETER PARKS / Afp

AUSTRALIA-TERROR-SIEGE-CAFE-OPEN

Køane var lange utanfor Lindt Café då den opna dørene att etter tre månader.

Foto: PETER PARKS / Afp
AUSTRALIA-TERROR-SIEGE-CAFE-OPEN

To plakettar er til minne om dei to som vart drepne i gisselaksjonen.

Foto: PETER PARKS / Afp
Australia Sydney Siege

Det var dramatisk då 17 personar vart tekne som gissel i Sydney i desember. Her flyktar fleire av dei etter at gjerningsmannen duppa av.

Foto: Rob Griffith / Ap

Køen utanfor kafeen i Sydney er lang. Det kan verke som at det meste er som før, men to minneplakettar som heng på veggen minner om det dramaet som fann stad i Lindt Café 15. og 16. desember i fjor.

– Ein viktig dag for denne byen

Ein australsk mann med iransk opphav tok seg inn i kafeen og truga med våpen. Mannen, som ifølgje sin eigen advokat var psykisk ustabil, haldt dramaet gåande i rundt 17 timar, til han vart så trøytt at han duppa av.

Då såg gisla sitt snitt til å stikke av, og fleire kom seg ut av kaféen. I kaoset som oppstod vart skot fyrte av, politiet tok seg inn i kaféen og tre menneske vart drepne. Kidnappingsmannen, kaféens daglege leiar Tori Johnson og baristaen Katrina Dawson.

– Våre tankar går til offera sine familiar og vener. Dette er ein viktig dag for denne byen, fordi handlingar av hat og splitting førte til fred og sameining, sa provinsordførar i New South Wales, Mike Baird, då han i dag var til stades ved gjenopninga av Lindt Café.

– Viktig å opne att

Til stades ved gjenopninga var også fleire av dei tilsette som var til stades under gisseldramaet. Åtte av dei 17 som vart tekne som gislar var tilsette ved kafeen. Seks overlevde, og dei to siste er til stades i anden, i form av minneplakettar på veggen.

– Det er overveldande. Det å opne att og gå vidare i livet er det beste me kan gjere for alle dei som vart utsette for denne hendinga, seier kafeens sjef, Steve Loane til Sydney Morning Herald.

Dei tilsette skal ha funne mykje styrke i at serveringsstaden opnar att, og frykta var bytta ut med store smil då media, gjester og tilsette var tilbake på åstaden for gisseldramaet.

SISTE NYTT

Siste nytt