Hopp til innhold

Gisseldrama over i Pireus

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein væpna mann som heldt fleire gislar i ein i ein bank i den greske hamnebyen Pireus, har overgitt seg til politiet.

Ingen av gislane er skadd, blir det meldt på gresk fjernsyn.

Meldingane frå Pireus tyder på at mannen prøvde å rane banken saman med to andre, og at han etterpå tok fleire tilsette og kundar som gislar. Åtte kvinnelege gislar vart kjapt sette fri, men han heldt igjen tre eller fire inne banken.

Politiet prøver å forhandle med gisseltakaren, blir det opplyst.

Tre menn storma inn i Pireus-avdelinga av National bank of Greece og prøvde å gjennomføre eit ran. To av dei vart raskt arresterte då dei prøvde å stikke av, medan den tredje sprang tilbake inn i banken og tok gislar.

Gislar som er sette fri seier til AFP at gisseltakaren ikkje skadde dei fysisk.

Gissetakaren prøvde å stikke av frå politiet med fire gislar som menneskelege skjold. Han trua med å detonere to granatar, men etter kvart trekte han inn i banken igjen. Han skaut også fleire gonger i lufta.

Politiet trur mannen er utanlandsk statsborgar. Dei to han var saman med var ein grekar og ein annan utlending.

SISTE NYTT

Siste nytt