Hopp til innhold

Gissel intervjua på direkte-TV medan dei gøymde seg

– Å Gud, no skyt dei på ny, kviskrar ei kvinne til TV-kanalen BFMTV. Ho og eit titals andre menneske gøymde seg for terroristane i Tunis.

Gisseldrama i Tunis

Sjå video av tryggingsstyrkar som forsøker å få kontroll over situasjonen ved Bardomuseet. Eit titals gissel var fanga inni bygningen.

Kvinna kviskrar og er tydeleg redd medan ho fortel at ho gøymer seg saman med andre og høyrer politisirener utanfor. Det er TV-kanalen BDMTV som har gjort intervjuet med Fabienne, som ikkje har oppgitt etternamnet sitt. Høyr intervjuet på deira nettsider.

– Redde for eit kupp

Ho fortel at dei er ei gruppe franskmenn som gøymer seg inne på Bardomuseet saman med guiden deira. Utanfor kan dei høyre politisirener, eksplosjonar og rundt dei ligg fleire skadde personar.

– Me er redde for at det skal bli eit kupp, og at me vert drepne, seier Fabienne.

Tunisia Attack

Tryggingspersonell var tungt til stades kort tid etter at terroraksjonen starta. Dei to gjerningsmennene vart etter kvart drepne.

Foto: Ali Ben Salah / Ap

Tunisia var før jul gjennom eit presidentval, der den 88 år gamle sekulære kandidaten Beji Caid Essebsi gjekk sigrande ut. Seinast i førre veke var det tendensar til uro, og «kuppliknande» tilstandar innanfor regjeringspartiet Nidaa Tounes, skriv nettsida Al Araby.

Tunisia har vore det landet som har kome best ut av den arabiske våren som gjekk som ei bølgje gjennom den arabiske verda i 2011. Presidentvalet var historisk, og den første gongen tunisiarane fekk velje sin leiar.

Men utfordringane har vore mange, og det har funne stad fleire angrep der politimenn og soldatar er drepne.

Skyt medan ho er direkte på TV

Fabienne er berre ei av eit titals personar som vart tekne som gissel i museet. Også Géraldine, som vart intervjua på direkten av TV-kanalen iTele, gøymer seg. I løpet av samtalen med TV-kanalen vert det skote fleire gonger.

– Å Gud, no skyt dei igjen, kviskrar kvinna, tydeleg oppskaka og redd.

Også ho gøymer seg i eit rom på museet, saman med ei større gruppe turistar.

– Me trudde først det var ein fest. Men så begynte panikken å spreie seg, fortel Géraldine på direkte-TV.

Tunisiske styresmakter har stadfesta at 22 menneske er drepne i angrepa, deriblant 17 turistar. Dei omkomne skal mellom anna vere frå Polen, Frankrike, Sør-Afrika, India, Spania og Italia, seier ein talsmann for styresmaktene.

Det er så langt ingen som har teke på seg ansvaret for angrepa.

- Vi satt på gulvet uten å røre oss

Høyr intervju med ein av personane som søkte tilflukt få terroristane slo til mot Bardomuseet.

SISTE NYTT

Siste nytt