NRK Meny
Normal

Gislane trygge – gisseltakaren på frifot

Sju personar vart tekne som gislar inne i eit reisebyrå i Paris i kveld. Gisseltakaren greidde å stikke av frå politiet, men gislane er trygge.

Politi på vakt i Paris.

Politiet har sperra av eit område rundt reisebyrået, der fleire personar er tekne som gislar.

Foto: MIGUEL MEDINA / Afp

Det var eit stort politioppbod utanfor reisebyrået, og det er uklart korleis mannen greidde å stikke av. Ei kjelde i politiet sa tidlegare i kveld at det truleg ikkje var snakk om ein terroraksjon, men eit ransforsøk som utvikla seg til ein gisselsituasjon.

Ein talsmann for politiet sa like etter klokka 21 at aksjonen på staden er over.

Gisselaksjon i Paris.

Eit stort politioppbod har teke stilling ved reisebyrået, der fleire er tekne som gislar.

Foto: MIGUEL MEDINA / Afp

Reisebyrået, som i hovudsak blir brukt av asiatiske kundar som betalar kontant, har også tidlegare vorte rana, seier kjelda. Byrået ligg sør i den franske hovudstaden, like ved ringvegen rundt byen.

Nyheitsbyrået AFP melder at det var snakk om ein person med eit handvåpen som heldt sju personar som gislar.

Fotgjengarar og bilistar vart bedne om å halde seg unna reisebyrået i Massena Boulevard i bydelen Porte d'Italie i 13. distrikt. Ei kvinne sa til nyheitsbyrået AP at ho kunne sjå minst 12 politibilar som sperrar gata på begge sider av reisebyrået.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt