Hopp til innhold

Truar med å stanse gassleveransane til Ukraina 3. juni

Den russiske gassgiganten Gazprom truar med å stanse leveransane av gass til Ukraina frå 3. juni, melder Interfax.

Den mektige Gazprom-sjefen Alexej Miller.
Foto: VASILY MAXIMOV / Afp

Toppsjefen i Gazprom, Alexej Miller, seier at selskapet kjem til å kutte leveransane om ikkje Ukraina betalar på forskot for heile juni. Miller seier at årsaka er at Ukraina skuldar Gazprom store summar for tidlegare gassleveransar.

– Dersom dei ikkje betalar innan på morgonen 3. juni, så blir det ikkje levert ein kubikkmeter med gass, seier Miller til Interfax.

Følgjer for 18 EU-land

Dersom leveransane av gass til Ukraina blir stansa, kan dette få følgjer også for leveransane til minst 18 EU-land.

Gazprom har også tidlegare trua med å stanse gassleveransane til Ukraina, men det er første gong dei har sett ein så tydeleg frist.

Tidlegare i dag sa viseenergiminister Anatolij Janovskij at Russland er klar til å halde fram forhandlingane med Ukraina om gassleveransar, men berre dersom regjeringa i Kiev betalar gassgjelda si til Gazprom. Han sa at styresmaktene i Kiev skuldar Gazprom 3,51 milliardar dollar, rundt 21 milliardar norske kroner.

Leverer 30 prosent

Gazprom leverer rundt 30 prosent av gassen som blir brukt i Europa. Rundt halvparten blir sendt vestover til EU gjennom Ukraina.

Ukraina har på si side uttrykt ynskje om å endre vilkåra i kontrakten om gassleveransar, som vart forhandla fram i 2009.

LES OGSÅ: Truer med å stoppe gassleveranser

LES OGSÅ: Russland nesten dobler gassprisen til Ukraina

LES OGSÅ: Lavrov krever at Ukraina forblir nøytralt

SISTE NYTT

Siste nytt