Hopp til innhold

Gir opp kampen mot mafiaen - vil selje nyrene sine

Ein siciliansk forretningsmann som nekta å danse etter mafiaen si pipe, har gitt opp kampen. No vil han selje nyrene sine for å kunne brødfø familien.

Ignazio Cutro nekta å samarbeide med mafiaen.

Ignazio Cutro nekta å samarbeide med mafiaen. No har han gått konkurs og vil selje nyrene sine.

Foto: ignaziocutro.com

Ignazio Cutro (44) var den modige forretningsdrivande i byen Agrigento på Sicilia, som stod opp mot mafiaen og nekta å betale pengar til dei for å få vere i fred. Åtte mafiamedlemer vart arresterte etter at Cutro fortalde det han visste til politiet.

Kamp mot mafiaen

Han var med på å stifte oroganisasjsonen «Libere Terre» (Fritt Land), som har arbeidd for å få forretningsdrivande til å seie nei til mafiaen sitt krav om å betale pengar for å få vere i fred.

Etter ti år med terrorisering, boikott , drapstruslar og til slutt konkurs, greier han ikkje meir. Mafiaen har endeleg slått fast kven som har makta i dette området av Italia.

Veldig få torer å setje seg opp mot dei mektige mafiagruppene, og no får også Ignazio Cutro betale prisen for å ikkje godta dei kriminelle sine vilkår. Han er slått konkurs.

Han har bede styresmaktene om hjelp til å halde fram, men han har snakka til døve øyrer.

Nettsida til Ignazio Cutro

Fekk ikkje hjelp

- Eg har blitt ruinert av mafiaen, og styresmaktene har overlate meg til meg sjølv ved å avvise alle bønene mine om hjelp, seier ein dessilusjonert Ignazio Cutro.

Han seier vidare at han kjenner seg verdilaus, takka vere både mafiaen og styresmaktene.

- Eg har berre ein ting igjen å gjere, å selje organa mine. Eg startar med ei nyre. Om nokon skulle vere interessert er det berre å sende meg ein epost, seier han til fleire italienske aviser i dag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt