NRK Meny
Normal

Gir opp kampen mot vassmengdene i Bangkok

Statsministeren i Thailand seier at styresmaktene har gitt opp kampen mot dei enorme vassmengdene som truar Bangkok. Fleire tusen innbyggjarar har flykta frå byen.

Thailands statsminister Yingluck Shinawatra.

Statsminister Yingluck Shinawatra trur ikkje lenger det er mogleg å stanse vassmengdene.

Foto: PORNCHAI KITTIWONGSAKUL / Afp

Statsminister Yingluck Shinawatra sa i kveld at det ikkje er mogleg å stå mot naturkreftene, og at situasjonen i den thailandske hovudstaden, som har 15 millionar innbyggjarar, no er kritisk.

Tørt i sentrum

Framleis er mesteparten av Bangkok sentrum ikkje ramma, men dei fleste reknar med at vatnet snart vil strøyme inn også her.

– Vi må late vatnet renne naturleg ut mot havet. Det vi kan gjere er å prøve å få det til å flyte sakte. Gjer det ikkje det, vil alle lide, sa statsministeren. Innbyggjarane i Bangkok og fem andre provinsar har fått fem dagar fri for å kome seg unna flaumen.

Ho seier at det no er viktig å lage ein skikkeleg plan for gjennoppbygging av byen.

Ei kvinne NRK har snakka med fortel at vatnet no står ein og ein halv meter opp på husveggen der ho og familien bur. Først flytta familien opp i andre etasje, men no er det ikkje mogleg å opphalde seg der heller. Ho anar ikkje kva dei skal gjere no.

– Vi har ikkje nokon stand å reise, vi veit ikkje kva vi skal gjere, seier ho.

Video Fol k flykter fra Bangkok

VIDEO: Folk flyktar frå Bangkok.

Militær evakuering

Svært mange er i same situasjonen. Den thailandske hæren har oppretta evakueringsmottak i fleire militærleiarar. Militære køyretøy køyrer i skytteltrafikk mellom byen og militærleirane med folk som ikkje har nokon stad å gjere av seg.

NRKs Asia-korrespondent Anders Magnus er i Bangkok. han fortel at panikken har byrja å spreie seg. Folk som har ein stad å reise til flyktar frå flaumen med bil, buss, tog og fly. Dei andre må håpe på at dei militære skal ta dei til ein trygg stad.

Folk gjer det dei kan for å stanse vassmengdene.

Folk gjer det dei kan for å stanse vassmengdene, men vatnet let seg ikkje stanse.

Foto: TANG CHHIN SOTHY / Afp

Dei fleste trur no at katastrofen kjem til å ramme heile Bangkok, seier Anders Magnus.

Det er elva Chao Phraya som har gått over breiddene sine etter eit uvanleg kraftig monsunregn.

Det er no vanskeleg å få tak i basisvarer som vatn og ris også utanfor Bangkok.

LES OGSÅ: Har nødtelefon for thailandske kvinner i Norge

LES OGSÅ: Nå tåler ikke Bangkok mer vann

Reiser til Pattaya

Mange av dei som flyktar frå Bangkok reiser til kystbyane Hua Hin og Pattaya. Sjømannsprest Jan Olav Johannessen ved den norske sjømannskyrkja i Pattaya seier til NTB at dei har sikra seg fleire hundre liter ekstra drikkevatn, slik at folk som ikkje får tak i vatn kan kome til Sjømannskyrkja og kjøpe det der.

Johannessen seier at det er fleire menneske i byen enn normalt, men at Sjømannskyrkje ikkje har registrert at det er fleire nordmenn en normalt der. Truleg har nordmenn som er evakuerte frå Bangkok reist til andre stader, seier han.

LES OGSÅ: Bangkok ruster seg til flommen

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt