Hopp til innhold

Noreg gir 40 millionar til flaumramma i Pakistan

Norske styresmakter gir 40 millionar kroner i naudhjelp etter den katastrofale flaumen i Pakistan. Over seks milionar menneske er ramma.

Folk har samla alt dei eig på denne smale tunga av tørt land.

Menneske og dyr har samla seg på denne smale tunga av tørt land i Sindh-provinsen i Pakistan. Biletet er teke frå eit militærhelikopter.

Foto: ASIF HASSAN / Afp

Erik Solheim

Utviklingsminister Erik Solheim kan fortelje om ein svært alvorleg situasjon i Pakistan.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

- Situasjonen på bakken er svært alvorleg. Fleire millionar menneske er ramma i ei frå før veldig fattig område. Det er som vanleg dei fattige som blir hardast ramma, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Kraftig monsunregn

Det er det uvanleg kraftige monsunregnet som har ført til flauken, som rammar mange av dei same områda som opplevde øydeleggjande flaum også i fjor. Flaumen i fjor var den verste i landet si historie, og det er umogleg å seie korleis flaumen i år vil ende.

Det norske utanriksdepartementet gir dei 40 millionar kronene gjennom FN, Røde Kors, Kirkens Nødhjelp og andre hjelpeorganisasjonar med erfaring frå Pakistan.

Denne kvinna har samla eignelutane sine på hovudet.

Denne pakistanske kvinna har samla eignelutane sine på hovudet.

Foto: Muhammed Muheisen / Ap

- Det er spesielt viktig at vi når fram til dei mest sårbare gruppene. Kvinner, born og funksjonshemma er særleg utsette i den kaotiske situasjonen. Det er eit stor behov for telt, mat og reint vatn, seier Erik Solheim.

LES OGSÅ: Sju millioner mennesker er rammet av flomkatastrofen i Pakistan

LES OGSÅ: Barnedødeligheten er på vei ned

To millionar på flukt

Nær to millionar menneske har flykta frå heimane sine i Sindh-provinsen sidan flaumen starta i slutten av august. Hjelpearbeidarar støytar på mange problem, slik som i landsbyen Benazir Basti.

I dette området står kastesystemet sterkt, og mange nektar å flytte inn i førebelse leirar fordi dei er redde for at dei skal kome saman med menneske frå andre kastar.

Kvinner og born tek seg fram gjennom vatnet i Sindh-provinsen i Pakistan.

Kvinner og born tek seg gjennom flaumvatnet på veg til eit evakueringssenter.

Foto: Pervez Masih / Ap

Nyheitsbyrået Reuters har snakka med den 40 år gamle enkja Rehmat Soomro Ho nektar å forlate mursteinshuset sitt saman med borna. Medan vatnet stig rundt huset, og etter utallege oppmodingar frå hjelpearbeidarar, nektar ho å reise til ein oppsamlingsleir ikkje langt unna.

LES OGSÅ: – Ingen flaumhjelp å få

LES OGSÅ: Ny gigantkatastrofe i emning i Pakistan

Fryktar tjuveri

- Sjølv om borna blir sjuke her, og vi ikkje kan hjelpe dei, så vil eg ikkje forlate huset mitt på grunn av kasten eg tilhøyrer, seier ho.

Kastesystemet på den pakistanske landsbygda varierer mellom dei ulike regionane, og det er skilnader basert på religion og økonomi. Generelt er landeigarar høgst på kastelista og dei utan eigedom er lengst nede.

Det er ikkje berre kaste som gjer at folk er uvillige til å reise frå heimane sine. det er også frykt for at husdyra og andre verdiar skal bli stolne. Det er alt blitt eit problem at tjuvar sikrar seg verdiar frå folk som har fylgt oppmodinga om å forlate heimane sine.

Denne landsbyen er ein av mange som er overfløymde i Sanghar-distriktet i Sindh i Pakistan.

Ein av mange landsbyar under vatn i Sanghar-distriktet i Sindh i Pakistan.

Foto: ASIF HASSAN / Afp

LES OGSÅ: Enormt behov for hjelp i Pakistan

LES OGSÅ: FN: Verre enn tsunamien og Haiti

LES OGSÅ: - Det er barna som først bukker under. De tåler så lite

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt