NRK Meny
Normal

– Me skal ikkje hemna oss på familiane til dei mistenkte

Den andre av dei kidnappa kvinnene i Ohio kom heim i kveld, for første gong etter ni år i fangenskap. Familien oppmodar lokalsamfunnet om å la politiet gjere jobben sin.

Mange klappet og jublet da Gina DeJesus kom hjem i dag etter å ha vært fanget i over ti år.

Klikk for video: Gina DeJesus kjem heim etter ni år i fangenskap.

Missing Women Found

FBI har publisert et oppdatert bilde av Georgina 'Gina' Dejesus. Politisjef Michael McGrath tror at de tre kvinnene: Amanda Berry, DeJesus and Michelle Knight har blitt lenket fast til huset og holdt fanget der siden de var i tenårene.

Foto: Uncredited / Ap

– Eg vil takke alle som trudde på meg då eg sa at dottera mi var i livet. Eg vil også takke dei som tvilte på meg. For dei gjorde meg sterkare, sa mora til Gina DeJesus etter at ho kom heim til heimen sin i Cleveland på første gong på ni år.

– Alle tre har det flott. Det er eit mirakel frå Gud, sa ho til stor applaus frå naboar og presse.

Tidlegare i dag kom Amanda Berry heim frå sjukehuset. Ho vart omkransa av eit svært pressekorps då bilen ho kom fram til huset til søstera, saman med den seks år gamle dottera.

No er Gina DeJesus også komen heim. Fleire av familiemedlemmene uttalte seg til pressa etter at ho kom heim.

– La politiet gjere jobben sin

– Me vil takke alle for bønene og støtta de har vist oss. Det finst ikkje nok ord for å uttrykkje gleda me kjenner for at me har fått Gina tilbake. Men også Amanda og Michelle, som me også reknar som familien vår, sa tanta til DeJesus etter at ho kom heim.

– Me som eit samfunn hemnar oss ikkje på familiane til dei som er mistenkt for desse ugjerningane. Me må la politiet gjere jobben sin, sa ho.

Gina DeJesus var den andre kvinna som forsvann. Den 2. august 2004 vart ho kidnappa medan ho var på veg heim frå skulen i eit nabolag i Cleveland i Ohio. Ho var 14 år gammal.

Gina DeJesus hjemme igjen

Med jublande naboar rundt seg hiv Gina Dejesus handa i vêret då ho kjem heim til barndomsheimen.

Foto: Reuters

Den tredje kvinna, Michelle Knight, skal ifølgje CNN vere den som slit mest psykisk, så ho vil framleis vere på sjukehuset på ubestemt tid.

Vil ha privatliv

Søstera til Amanda Berry uttalte seg til pressa tidlegare i dag.

– Takk for all støtte me har fått frå presse og publikum. No ønskjer familien vår privatliv. Søstera mi treng tid til å kome seg. Ver så snille og respekter privatliva våre før me er klare for å uttale oss, sa søstera Beth Berry.

52 år gamle Ariel Castro som budde i huset er tillegg til to brør på 50 og 54 år arrestert av politiet for å ha halde kvinnene i fangenskap.

Dei lokale styresmaktene i Cleveland stadfestar at han har jobba som skulebussjåfør i byen, men vil ikkje gi ytterlegare opplysningar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt