Hopp til innhold

Gigantlekkasje ved Fukushima

Så mykje som 120 000 liter med radioaktivt vatn har leke frå ein tank ved atomkraftverket Fukushima i Japan.

Fukushima

Ei tsunamibølgje førte i 2011 til at delar av atomkraftverket i Fukushima vart nedsmelta.

Foto: NTB Scanpix

– Dette er den største lekkasjen av radioaktivt materiale sidan nedsmeltinga av kjernekraftverket i 2011, seier Masayuki Ono i TEPCO, selskapet som driv anlegget.

Dei veit førebels ikkje årsaka til lekkasjen som er oppdaga på ein av dei sju underjordiske tankane som var nytta til å kjøle ned reaktorane ved anlegget.

Dei enorme mengdene vil truleg bli verande i jorda og ikkje nå havet, då tanken ligg 800 meter unna kystlinja.

Selskapet vil no pumpa ut dei resterande 13.000 kubikkmeter med vatn som framleis er i tanken i løpet av dei neste par vekene. Selskapet har ikkje opplyst kor lenge lekkasjen har halde på, skriv Japan Times.

Vil ikkje nå havet

Sjølv om ikkje det radioaktive vatnet er venta å nå havet, er hendinga ei ny påminning på at det framleis vil da mange tiår å setje atomkraftverket heilt ut av funksjon.

Operatørane ved anlegget har støtt på mange problem med å kontrollere grunnvatnet og halde ved like det massive kjølesystemet som var bygd for å halde reaktorane stabile.

Fukushima-katastrofen i 2011 er rekna som den verste atomkatastrofen sidan Tsjernobyl. Eit jordskjelv målt til 9,0 trigga ein tsunamibølgje som øydela generatorar og kopla frå kjøleanlegget. Som eit resultat av dette smelta tre av reaktorane ned.

G8/NUCLEAR-RUSSIA A general view of cooling towers at the Kalininskaya nuclear power plant

To av kjøletårna ved atomkraftverket.

Foto: ALEXANDER NATRUSKIN / Reuters

Kjølesystem stoppa

Som om ikkje dette var nok, støtte anlegget på endå eit problem fredag då kjølesystema stoppa. Teknikarane klarte å løyse problemet etter tre timar.

Årsaka var at nokre arbeidarar hadde plassert eit gitter av metall rundt eit panel for å hindre at skadedyr skulle kome nær det. Bakgrunnen var at ei rotte sannsynlegvis forårsaka eit straumbrot ved kraftverket i mars.

Panelet skal ha blitt kortslutta ved monteringa av gitteret.

Sjølv etter bruk må kjernefysisk brensel bli halde kjølig for å unngå ein reaksjon som kan føre til nedsmelting.

– Må kome med tiltak

Jan Beranek

Jan Beranek i Greenpeace meiner styresmaktene berre kjem med halvhjerta tiltak for å sikre atomanlegget.

Foto: YURIKO NAKAO / Reuters

Ustabiliteten ved Fukushima-anlegget har ført til at miljøforkjemparane skuldar på styresmaktene for å ikkje kome med gode nok tiltak for å betre tryggleiken.

– TEPCO må no styresmaktene må no begynne å kome med robuste og effektive tiltak, i staden for å late som at det ikkje er noko trugsel mot tryggleiken, seier talsperson i Greenpeace, Jan Beranek.

– Japan treng å fokusere på tiltak for å halde ved like dei øydelagde reaktorane, i staden for å restarte andre usikre anlegg.

Styresmaktene i Japan har heile tida insistert på at dei har kontroll over anlegget, og at det ikkje er noko signifikant lekkasje frå reaktorane. Men anlegget, som TEPCO og styresmaktene skal legge ned i løpet av dei neste 40 åra, er berre heldt stabilt ved hjelp av midlertidige løysingar.

Ved fredag ettermiddag var temperaturen på vatnet 15,1 grader celsius, godt under grensa på 65 gradar.

Sjølv om fleire og fleire av japansk innbyggjarar er blitt skeptiske til atomkraftverk, har likevel statsminister Shinzo Abe sagt at Japan bør vurdere å halde fram bruken av atomkraftverk fordi det er den billigaste energikjelda landet kan ha.

SISTE NYTT

Siste nytt