Hopp til innhold

Gigantisk mafia-svindel avslørt – 94 arresterte på Sicilia

Italiensk politi gjekk i morgontimane i dag til storaksjon mot mafiagrupper som skal ha svindla til seg fleire titals millionar kroner i landbrukssubsidiar frå EU.

Video frå italeinsk politi om mafiaaksjon i Mesina på Sicilia.

Video frå italiensk politi frå antimafia-aksjon i Messina på Sicilia.

Over 600 politifolk deltok i aksjonen, og dei arresterte 94 personar i og rundt hamnebyen Messina nord på Sicilia. Politiet opplyser at aksjonen retta seg mot to greiner i den såkalla Tortorici-mafiaen, Batanesi- og Bontempo Scavo-klanane.

Ifølgje det italienske nyheitsbyrået Ansa vart rundt 150 forretningar eller selskap stengde i aksjonen. Politiet meiner selskapa, som alle er styrte av mafiaen, gjennom svindel og forfalsking av dokument ha greidd å få utbetalt over 55 millionar kroner i EU-subsidiar.

– Infiltrerte offentleg instans

Dette skal dei ha gjort gjennom å infiltrere, og så nærmast overta, den sicilianske avdelinga av den offentlege instansen som skal formidle støtte frå EU til bønder i medlemslanda.

Bilete frå italiensk politi.

Italiensk politi har lagt ut dette biletet frå aksjonen mot Tortorici-mafiaen i Messina på Sicilia onsdag morgon.

Foto: Handout / AFP

– Dei har infiltrert sjølve nervesenteret i den lokale økonomien, seier politiet til Ansa.

Etterforskarar fortel at dei to mafiafamiliane Batanesi og Bontempo Scavo tidlegare har vore i strid med kvarandre, men har dei siste åra lagt ned stridssøka og gått over til å samarbeide.

Blant dei arresterte i aksjonen onsdag morgon er leiarane for dei to mafiafamiliane, ein notarius publicus, fleire offentleg tilsette og fleire entreprenørar. 48 av dei arresterte vart sende direkte i fengsel, medan resten vart sette i husarrest, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

– Nok med ein telefon

Dommaren Sergio Matroeni seier ifølgje nyheitsbyrået Reuters at mafiaen skaffa seg kontroll over eit jordbruksområde på 150 mål berre ved å ta ein telefon til eigaren.

– Mafiaen her er så mektig at det var nok å berre presentere seg med namn. Det var ikkje naudsynt med truslar. Skulle nokon tvile, så er det berre å seie at du akkurat har kome ut frå fengsel, seier dommaren.

Han legg til at mafiaen i denne saka har fått god hjelp av det han kallar «kvitsnipparbeidarar», som førte forhandlingar med EU-byråkratiet.

EU betalar kvart år ut over 500 milliardar kroner til bønder i dei 28 medlemslanda, for å sikre at det skal vere mogleg å drive landbruk også i typiske utkantstrøk.

Landbruksminister Teresa Bellanova seier at det som er avdekt er svært alvorleg, og at det viser at mafiaen ikkje lenger berre driv med narkotikasmugling og utpressing.

– Det er øydeleggjande at dei på denne måten stel EU-resursar frå bønder som driv lovleg og godt, og styrer pengane til mafiaen, seier ministeren.

Svindel med EU-støtte

Dei italienske mafiagrupperingane har dei siste åra gjort mykje for å få innpass i verksemder, som kan ha rett på støtte frå EU. I tillegg til landbruk gjeld det blant anna utbygging av vindmølleparkar og andre typar grøn energi.

Dei kriminelle organisasjonane infiltrerer verksemder som i utgangspunktet er lovlydige, før dei tek kontrollen over dei. Så brukar dei selskapa til å svindle til seg store pengesummar frå EU. Dei har ofte korrupte lokale tenestemenn med på laget.

Det er blant anna kjent at den såkalla landbruksmafiaen, «L'agromafia», i mange år har tent store pengar på å tilsetje kjemikaliar i soyaolje, og så selje produktet som jomfruolje av oliven.

SISTE NYTT

Siste nytt