NRK Meny
Normal

Gigantbølgje skylde bort julebordet

Ekstremvêret dei siste dagane har gjort stor skade i Sverige og Danmark. I Helsingborg knuste ei gigantbølgje ein glasvegg og slo inn over 120 sjokkerte julebordsgjestar.

Uveret Sven herjar i Sverige.

Uveret i Sør-Sverige var det verste på fleire år.

Foto: JOHAN NILSSON / Afp

Det verste uveret er no over, men stormen har sett sine spor. Mange er framleis utan elektrisk straum, og mange stader er det såpeglatte vegar. Det blir framleis meldt om kraftig vind langs kysten av Austersjøen, men det er håp om rolegare tider også der.

Storm i hamneområdet i Helsingborg.

Hamneområdet i Helsingborg i Sverige opplevde både stormflo og storm i går.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

Medan uveret her i landet ikkje var ekstremt nok til å få namn, så fekk herjingane namnet Bodil i Danmark og Sven i Sverige

Dramatikk på julebordet

Det var dramatisk fleire stader i går. På ein restaurant i den sørsvenske byen Helsingborg fekk 120 julebordsgjestar ei sjokkarta oppleving. Dei sat inne i eit tilbygg av glas heilt nede i sjøkanten då ei gigantisk bølgje slo inn og knuste glasveggen.

Bølgja sveipte med seg bord, stolar og alt anna som var laust, men heldigvis greidde alle gjestane å berge seg inn. Dei var blaute og sjokkskadde, men ingen kom alvorleg til skade.

– Vi har hatt ein naturkatastrofe her, sa restaurantsjef Anette Willing til avisa Helsingborg Dagblad. Ho fortel at heile den 300 kvadratmeter store restauranten var fylt av vatn, og at bord og stolar flaut rundt.

LES OGSÅ: Uværet herjer i Sør-Norge

LES OGSÅ: Hissige polare lavtrykk i Norskehavet

Video fra stormens herjinger i Danmark.

Båthamn fullstendig knust

I den danske byen Gilleleje vart båthamna fullstendig knust av bølgjene. Då DR snakka med Lars Frederiksen sa han lakonisk at han ikkje lenger kunne titulere seg som båteigar.

– Den båten eg hadde i går ligg under eit blått stålskip. Det er ikkje noko igjen, det er det eg vil kalle eit totalforlis, seier han til Danmarks Radio.

Andre stader på danskekysten har stormen grave grunnen ut under fleire hytter som låg nær havet, og på videoen over ser ein tydeleg at eit sommarhus er i ferd med å rase i havet.

LES OGSÅ: Skader for fleire titals millionar

LES OGSÅ: Uværet fører til stengte veier og innstilte fly

Eit sommarhus sklir ut i Danmark.

Eit sommarhus er i ferd med å skli ut i havet på Nordsjælland i Danmark.

Foto: Danmarks Radio

Historiske dimensjonar

Vasstanden i kystområda både i Sverige og Danmark har vore opp til 1,5 meter over normalen, men er no på retur igjen. Sju menneske miste livet i uveret i Sverige. Det er ikkje meldt om dødsfall som følgje av stormen i Danmark.

Det danske meteorologiske instituttet (DMI) sa i går kveld at flaumen i landet har historiske dimensjonar.

– Det er flaum mange stader i landet. Minst tre stader er det ekstrem stormflo, det vi kallar hundreårshendingar, fordi det statistisk sett ikkje har vore verre på 100 år, sa Vibeke Huess i DMI i går.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt