Washington National Cathedral er hovudkvarteret til Den episkopale kyrkja i USA. Ei talskvinne for katedralen seier at krana velta under arbeid like før klokka 11 lokal tid i dag (klokka 17 norsk tid).
Ingen vart skadd i uhellet, men det vart gjort skade på katedralen og på Herb's Cottage, ein populær suvernirbutikk som ligg inne på området.
Krana vart ståande med snuten med, nærmast parallelt med hovudtårnet.
Katedralen vart skadd i eit jordskjelv 23. august. Arbeidet var nesten sluttført då krana velta. Det er planlagt ei minnegudsteneste i katedralen førstkomande søndag i samband med 10-årsdagen for terrorangrepa mot USA 11. september 2001. President Barack Obama skal delta i seremonien i katedralen.
Det er uklart om uhellet med krana onsdag vil få konsekvensar for den planlagde minneseremonien.