– Næringskjeda i ein tredel av den søraustlege regionen av Brasil og halvparten av det sørlege Atlanterhavet vil vere påverka i minst 100 år, seier Andres Ruchi, direktør for skulen for marinbiologi i Espirito Santo-staten, til BBC.
Minst elleve døydde og fleire vart sakna etter at to demningar frå gruvekompaniet Samarco brast for litt over to veker sidan og giftig gjørme oversvømte heile den vesle landsbyen Bento Rodriguez 25 mil nord for Rio de Janeiro.
- Les også:
Trugar livsgrunnlaget til dei lokale
Gjørma inneheld giftige stoff som kvikksølv, arsenikk, krom og mangan, og trugar no det skjøre økosystemet i regionen.
Samarco har prøvd å verne plantar og dyr ved å bygge barrierar langs elva Rio Doce, men til liten nytte. Ekspertar seier at biomangfaldet rundt elva allereie er øydelagt. Og etter å ha flytt 500 kilometer renn den farlege gjørma no ut i Atlanterhavet.
Livsgrunnlaget for folk i området er truga, og folk er fortvila. Området er avhengig av fisking, turisme og marint vern.
– Eg har budd her heile livet mitt, og eg hadde aldri trudd at eg skulle dra, seier den 29 år gamle lærarassistenten Bruna Cordeiro de Santos til The Guardian.
– No har eg begynt å lure på kvar vi skal dra, og kva vi skal gjere.
– Gir store incentiv til å forureine
Samarco har inngått forlik med den brasilianske regjeringa om å betale 260 millionar dollar i kompensasjon til familiane som er råka og til oppreinsking i området, men kritikarar seier at dette ikkje kjem i nærleiken av å kunne dekke kostnaden av skadane.
– Det er ein vits. Det gir store selskap eit insentiv til å halde fram med å forureine Brasil, seier Mario Moscatelli, ein økolog frå Rio de Janeiro, til The Guardian.
Koordinasjonen med lokale myndigheiter skal også vere dårleg, og innbyggarane vert stadig meir desperate og sinte.
- Les også: