Det skal vere bortføringa og drapet på Jean McConville det er snakk om. Ho vart brutalt bortført frå husværet sitt i Belfast og seinare drepen.
– Sist månad sa Gerry Adams seg villig til å bli avhøyrt av politiet om Jean McConville-saka. Dette skjer i kveld, heiter det i ei fråsegn frå Sinn Fein.
Nokre kjelder seier at Gerry Adams er arrestert, men dette er ikkje stadfesta.
Enkje og mor til ti
Adams sjølv seier i ei fråsegn at han ikkje har noko med drapet på McConville å gjere, ei enkje og tibornsmor som vart bortført og drepen av IRA i 1972. IRA skulda henne for å ha ytt hjelp til britiske soldatar.
– Eg meiner at drapet på Jean McConville var ein feil og ein grov urett overfor både henne og familien hennar, heiter det i ei fråsegn frå Adams.
Adams seier at det har vore retta feilaktige skuldingar mot han i denne saka, men at han står fast på at han aldri var med på drapet.
– Eg har aldri distansert meg frå IRA, og det vil eg aldri gjere heller. Men eg er uskuldig i McConville-saka, heiter det i fråsegna hans.
Liket funne i 2003
Liket av McConville vart funne på ei strand i County Louth i 2003, fire år etter at IRA vedgjekk å ha teke livet av henne.
Politiet i Nord-Irland opplyser at ein mann har møtt opp for å gi forklaring i saka i kveld, utan å seie noko om kven det er snakk om.
Den irske republikanske hær IRA er no oppløyst, men har stått bak mange politiske drap under den tilnærma borgarkrigen i Nord-Irland. Sinn Fein var rekna som den politiske fløya til IRA.
– Politisk motivert
Nestleiar i Sinn Fein, Mary Lou McDonald, meiner at politiet sin aksjon mot Gerry Adams i kveld er politisk motivert, og ho meiner at politiet ynskjer å skade Adams og politiet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: