Hopp til innhold

Germanwings: – Djupaste kondolansar

Germanwings sin sjef lover at firmaet skal gjere alt dei kan for å finne ut kva som har skjedd. Flyselskapet markerer no si sorg ved å skifte logoen til svart.

Germany France Plane Crash

Eit fly frå Germanwings står på flyplassen i Düsseldorf.

Foto: Martin Meissner / Ap

GERMANY-FRANCE-SPAIN-AVIATION-ACCIDENT-GERMANWINGS

Administrerande direktør i Germanwings uttrykker sine djupaste kondolansar til dei pårørande.

Foto: CHRISTOPH SCHMIDT / Afp

– Me vil gi våre djupaste kondolansar til dei pårørande, seier administrerande direktør i Germanwings Thomas Winkelmann.

Flyselskapet er eit tysk lågprisselskap, som har hovudkontor i Köln og som er eigd av Lufthansa.

Laster Twitter-innhold

På si Facebookside har flyselskapet lagt ut ei melding der dei stadfestar at flyet har styrta i Alpane, og at det var 144 passasjerar og 6 tilsette om bord då ulukka inntrefte. Dei har også lagt ut eit nummer som pårørande kan ringe.

Selskapets logo er endra frå dei tyske fargane, til svarte og grått, som eit teikn på selskapets sorg.

Germanwings i sorg

Germanwings har endra fargane på logoen på sine eigne Facebooksider. Administrerande direktør, Thomas Winkelmann, seier no at selskapet skal gjere alt dei kan for å finne ut kva som har skjedd då flyet styrta.

Foto: Germanwings Facebookside

Enkelte medium skreiv først at flyet hadde sendt ut naudmelding då det var over dei franske Alpane. Men dette vert avvist frå sivile luftfartsstyresmakter i området.

– Mannskapet sende ikkje ut naudsignal. Det var flygeleiarar som bestemte å gi ut informasjon om at flyet hadde problem, fordi dei ikkje fekk nokon kontakt med dei tilsette på flyet, seier ei kjelde til nyheitsbyrået AFP.

Det er førebels ukjent kvifor flyet som var på veg frå Barcelona til Düsseldorf styrta.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt