NRK Meny
Normal

Germanwings-kister flogne heim att

Kistene med 44 av dei som døde i Germanwings-styrten kom i natt fram til Düsseldorf. – Fleire pårørande har framleis vanskeleg med å forstå kva som har skjedd, seier ein representant for dei pårørande.

Germany France Plane Crash

Lufthansa-flyet med 44 kister om bord landa seint i går kveld på flyplassen i Düsseldorf.

Foto: Michael Probst / Ap

– Familiane fornektar det som har skjedd. Dei kan ikkje og vil ikkje forstå at barna deira er døde, seier advokat Elmar Giemulla som representerer fleire av dei pårørande.

FRANCE-CRASH/GERMANWINGS-BODIES An airport vehicle pulls four cargo platforms with coffins on the tarmac at the Marseille Provence Airport in Marignane as Lufthansa prepares to transport coffins with the remains of 44 victims of the Germanwings Airbus A320 crash

Her vert nokre av kistene frakta ut til lasteflyet som skal frakte leivningane av 44 av offera heim til Tyskland.

Foto: JEAN-PAUL PELISSIER / Reuters

– Blir brutalt å sjå kistene

Dei 44 kistene som seint i går kveld landa i Düsseldorf skal i dag bli gitt vidare til familiane til dei som er døde.

– Det vil bli brutalt når dei ser kistene i morgon, men det er naudsynt, fordi dei treng ei avslutting, seier Giemulla til nyheitsbyrået AFP.

Kistene inneheld leivningane til dei menneska som døde då eit fly frå selskapet Germanwings styrta i Alpane i mars. Det har i ettertid vist seg at flyets andrepilot styrta flyet med vilje.

Offer frå heile verda

Det var mange tyskarar og spanjolar om bord på flyet som var på veg frå Barcelona i Spania til Düsseldorf i Tyskland.

No har 44 av dei tyske offera kome heim, medan resten også vil bli sendt heim i kister i vekene som kjem.

GERMANY-FRANCE-AVIATION-ACCIDENT-COMPANY-LUFTHANSA-RELATIVES

På flyplassen i Düsseldorf er det laga ein minnevegg der folk har hengt opp helsingar og minneord om offera etter Germanwings-styrten.

Foto: MAJA HITIJ / Afp

Det var mellom anna passasjerar frå både Australia, Chile, Argentina, Japan, Mexico, Venezuela og Kasakhstan om bord.

Papirkrøll forseinka returen

Det er no planlagd gravferder i over 20 land, men nokre av dei har blitt utsette nokre døgn på grunn av papirkrøll. Arbeidet med å identifisere dei 150 offera har teke lang tid og vart først avslutta i slutten av mai.

Det var eit lastefly frå Lufthansa, moderselskapet til Germanwings, som frakta dei tyske offera frå Marseille i Frankrike til Düsseldorf i går kveld. 16 av dei tyske offera høyrde til same vidaregåande skule, og var på veg heim frå klassetur til Barcelona då flyet styrta.

Familiane til dei 44 offera vil i dag få lov til å kome inn til kistene inne i hangaren i Düsseldorf, og vil etter kvart få overlevert kistene for å gjennomføre gravferdene.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt