Hopp til innhold

Georgia overvurderte USA

USA og Vesten har støtta Georgia som eit demokratisk fyrtårn i Kaukasus. Men Georgia kan ha overvurdert denne støtta, meiner ekspertar.

George W. Bush

George W. Bush kom bare med sterke utsagn, men lite handling for å hjelpe vennene i Georgia.

Foto: Greg Baker / AP

USA har gitt massiv støtte til Georgia og prøvd å etablere landet som eit demokratisk fyrtårn i Sentral-Asia. Men Georgia kan ha overvurdert støtta hos venene sine i Vesten. Frå USA kjem det berre ord etter at russarane rulla over grensa.

- Det russiske åtaket på Georgia er uakseptabelt, seier president i USA George W. Bush. Men kvifor gjer han ingenting med åtaket på bestevenen Georgia, som er den mest USA-vennlege av alle dei tidlegare sovjetstatane? Kvifor kan han ikkje hjelpe president Mikhail Saakasjvili, som ba så tynt om hjelp i går?

- Bush kom med sterke utsegner, men vi forventar konkrete handlingar frå USA og andre vestlege allierte, sa Saakasjvili til Sky News i går.

- Det er på høg tid å ikkje berre snakke om demokrati, men faktisk verne demokratiske statar, sa den georgiske presidenten.

Venene som forsvann

I løpet av dei snart tjue åra som har gått sidan Sovjetunionen gjekk i oppløysing, har Georgia og fleire andre tidlegare sovjetstatar søkt samarbeid med Vesten og USA. Men Saakasjvili hadde nok ikkje så gode venner i Vesten som han trudde. Det er ingen som grip til våpen mot Russland.

- Eg meiner dette var unødvendig maktbruk, seier George W. Bush etter ein samtale med Vladimir Putin. Visepresident Dick Cheney har gått endå lenger og sagt at den russiske valden ikkje kan forbli ubesvart. Men Cheney hadde ikkje dekning for denne trusselen, meiner USA sin tidlegare Nato-ambassadør Robert Hunter.

- Eg syns det var beklageleg at Cheney brukte desse orda. Dette er krigshissing. President Bush sa at maktbruken var unødvendig, det er meir riktig, seier Robert Hunter.

- Strategisk feilgrep

Fleire analytikarar meiner ifølgje BBC at USA har gjort eit strategisk feilgrep ved å støtte Georgia og gi næring til håpet deira om å bli Nato-medlem. Seinast i juli i år var Condoleezza Rice på besøk i Georgia. Ho sa då at Nato-medlemsskap er Georgia si framtid.

Men Russland nektar å gi opp makta si over dei tidlegare sovjetstatane i Kaukasus. Ved å skape uro i Georgia gjer dei det vanskeleg å bli Nato-medlem, og dei svekkar både det georgiske militæret, presidenten si stilling og Vesten sin innverknad i landet.

Fleire ekspertar meiner det er på tide at USA betrar tilhøvet sitt til russarane.

- Dei siste åra har vi ikkje forstått at vi må ta Russland på alvor. Når denne konflikta er over, må vi setje oss ned og byggje eit strategisk tilhøve til Russland, seier tidlegare Nato-ambassadør for USA Robert Hunter.

- Ikkje USA sin feil

Men ikkje alle meiner det er USA sin feil dersom Georgia har trudd at Vesten ville berge dei frå Russland.

- Georgia vil gjerne bli med i Nato, og i januar sa 75 prosent av det georgiske folket ja til Nato-medlemsskap i ei folkerøysting. Nato har vore opne for dette, og USA kan ikkje lastast for Georgia sine ambisjonar, seier USA sin tidlegare ambassadør til Ukraina, Steven Pifer, til BBC.

Men fleire ekspertar seier til Reuters at USA ikkje kan ha sagt tydeleg frå til Georgia at dei står fullstendig åleine dersom dei går til militære åtak på utbrytarprovinsane sine. USA har lite å stille opp med.

- Når du ser på kva verktøy Washington har, så er verktøyskapet ganske tomt. Vi har eit dårleg tilhøve til Russland, og dermed finst det lite samarbeid som vi kan truge med å avslutte for å få russarane til å endre åtferd. Russarane bryr seg rett og slett ikkje om truslane våre, seier Steven Pifer.

Kan bli langvarig

Russland og USA har krangla om Irak-krigen, om USA sine planer om rakettskjold i Europa og om det at USA vil ha Ukraina og Georgia som medlemmar av forsvarsalliansen Nato. Det kjølige tilhøvet mellom Moskva og Washington kjem til å gå i arv til den neste amerikanske presidenten, enten det blir Obama eller McCain.

- Russland kan ikkje forsvare desse åtaka, seier Obama. Men verken han eller McCain har makt å setje bak krava om diplomati og løysing på konflikta. Akkurat som med Bush blir det berre sterke ord.

- Dette ser ut som eit forsøk på å styrte regjeringa i Georgia. Det er uakseptabelt. Medvedev og Putin må forstå dei langvarige skadene dette vil få for Russland sitt tilhøve til USA og Europa, seier John McCain.

SISTE NYTT

Siste nytt