Hopp til innhold

Senator ber Biden trekke seg frå valet

Peter Welch er den første senatoren som ber presidenten la ein annan kandidat sleppe til.

U.S. President Joe Biden and first lady Jill Biden host an Independence Day celebration at the White House in Washington

KLOKKA TIKKAR: Om 116 dagar skal amerikanarane i USA velje sin neste president. Fleire tar til orde for at det hastar å få inn ein annan demokratisk kandidat enn 81 år gamle Joe Biden.

Foto: Elizabeth Frantz / Reuters

Presset aukar mot USAs president Joe Biden.

Etter den fyrste debatten i presidentvalkampen 27. juni, der Biden framstod surrete, har fleire demokratar uttrykt uro for den kognitive helsa til presidenten. Både i og utanfor partiet har det kome oppmodingar om å trekke seg.

Men ei gruppe som til no har vore forsiktige med å uttale seg i offentlegheita, er senatorane.

Fram til natt til torsdag norsk tid. Då gjekk Peter Welch ut som førstemann og bad Biden trekke seg.

Første senator

– Det er hardare for Biden å høyre dette frå ein senator enn frå nokon andre. Han har stor respekt i senatet, og det er på mange måtar der støtta til han står sterkast, seier USA-kjenner Sofie Høgestøl.

Ni demokratiske representantar i kongressen har allereie bede Biden om å trekke seg. Men senatorane er færre, sit lengre og vert rekna som mektigare enn kongressrepresentantane.

Biden sat sjølv som senator før han vart vald til president. Han vart vald inn i senatet då han var berre 30 år, det yngste ein senator kan vere.

81 år gamle Joe Biden er sjølv tydeleg på at han ikkje tenkjer å trekke seg frå presidentvalet i november.

Foto: SAUL LOEB / AFP

«Redda landet vårt frå ein tyrann»

Den demokratiske senatoren Welch frå Vermont skriv i Washington Post at det vil vere til det beste for landet om Biden trekk seg.

Etter lovord om presidenten som «redda landet vårt frå ein tyrann» og «har vore ein av vår tids beste presidentar», kjem bekymringane.

– No står mykje på spel. Vi kan ikkje sjå vekk frå president Bidens katastrofale framsyning i debatten. Vi kan ikkje ignorere eller avfeie dei legitime spørsmåla som fleire har stilt sidan den kvelden, skriv Welch.

Senate Judiciary

Senator Peter Welch er den første demokratiske senatoren som ber Biden trekke seg. Her under ei høyring i justiskomiteen i juni.

Foto: J. Scott Applewhite / AP

At Welch går så langt som å bede han trekke seg, er heilt nytt.

På tysdag sa senator Michael Bennet frå Colorado at han ikkje trur at Biden er i stand til å vinne eit attval, men han bad ikkje presidenten om å trekke seg.

– Donald Trump er på god veg til å venne dette valet, kanskje til og med gjere eit brakval, og ta senatet og underhuset med seg, sa Bennet til CNN som den første demokratiske senatoren til å opent kritisere Bidens kandidatur.

Mistar sin mest kjende støttespelar

Men også meir glamorøse grå menn ber no Biden om å trekke seg.

George Clooney seier at Biden er blitt for gammal til ein ny runde som president. Det kjem fram i eit meiningsinnlegg frå Hollywood-stjerna publisert av New York Times i går kveld.

Avisa har tidlegare bede om det same på leiarplass.

Clooney og Biden på ei tilstelning i Det kvite hus i 2022.

Clooney og Biden på ei tilstelling i Det kvite hus i 2022.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP

Clooney er ein stor bidragsytar til demokratane sine valkampanjar, og ein langvarig ven og støttespelar for Biden. I innlegget skriv han at han har elska Biden, både som senator, visepresident og president.

– Men den eine kampen han ikkje kan vinne er kampen mot tida. Ingen av oss kan det, skriv Clooney, og legg til at dette ikkje berre er hans personlege meining:

– Dette meiner alle senatorar og kongressmedlemmer og guvernørar eg har hatt private samtalar med.

Les også Ta alders-quizen du også

Bilder av Donald Trump og Joe Biden, begge fotografert under debatten på CNN, stilt opp mot hverandre, så de står ansikt til ansikt. Begge snakker inn i mikrofonen og holder opp hånden nærmest kamera. Dresskledde, blå bakgrunn.

«Byrjar å haste»

Tidlegare onsdag sa partiveteran og tidlegare leiar for Representantane sitt hus Nancy Pelosi (84), at det byrjar haste med ei endeleg avgjerd frå presidenten.

– Vi oppfordrar han alle til å fatte ei avgjerd, fordi tida er i ferd med å renne ut, seier ho i et intervju med MSNBC.

Men to dagar tidlegare skreiv Biden i eit brev til demokratar i kongressen og bad dei kutte presset på han om å trekke seg. Han understreka då at han ikkje har planar om å gi seg.

Portrettbilde av Nancy Pelosi.

Nancy Pelosi.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

Fleire i partiet enn dei som har stått fram med det offentleg, meiner nok at løpet er køyrt for Biden, fortel Høgestøl.

– Og at det blir vanskeleg for han å komme seg etter debatten fram mot valet i november. Og at det då kanskje er på tide å trekke fram eit anna kort. Som visepresident Kamala Harris, seier ho.

Portrettbilde av Sofie Høgestøl.

Sofie Høgestøl er rettsforskar og USA-kjenner.

Foto: Johanna Hauge

Biden har tida på si side

Det er under 120 dagar til presidentvalet.

Biden har tida på si side, skreiv New York Times i går. Høgestøl seier det same i dag.

– Kvar einaste veke han greier å stagnere kritikken, gjer det meir sannsynleg at han blir presidentkandidaten, seier Høgestøl.

Om dei andre som ønskjer å bytte han ut skal lykkast, må det truleg skje før landsmøtet i midten av august, meiner Høgestøl.

– Og då er det ikkje så mange veker igjen.

SISTE NYTT

Siste nytt

Modellen Bella Hadid, her på rød løper på filmfestivalen i Cannes 23. mai. Hun har en sort kjole med bare ermer og v-utringing. Det mørke håret er satt opp og hun har lange øredobber med blanke steiner.

Adidas dropper Bella Hadid-reklame

Staten Israel kritiserte en Adidas-reklame med den halvt palestinske modellen Bella Hadid. Nå er hun droppet fra kampanjen.

Momen Jaber spikrer tepper på plass

Palestinere til Hamas: – Ikke bruk oss som menne­skelige skjold

Israel bomber flyktningleirer og sivile i jakten på Hamas-toppene. Palestinere som NRK har snakket med, har en beskjed til krigere som gjemmer seg blant sivile.

Biden faller på flytrappa

Øyeblikkene som kan felle Biden

Det startet med noen fall, et feil navn her og der, antydninger om dårlig hukommelse. Nå vakler den amerikanske presidenten mer enn noen gang.