Hopp til innhold

Generalstreik lammar Hellas

Minst 50.000 grekarar har delteke i protestane mot regjeringa og nye budsjettkutt i Hellas i dag. Ein 24 timars generalstreik blir først avslutta torsdag føremiddag.

Se hvordan demonstranter og aktivister kaster brannbomber mot gresk politi i Athens gater.

SJÅ VIDEO: Dramatiske bilete frå den greske hovudstaden. Minst 50 000 menneske demonstrerer i gatene.

Gatene i Aten var prega av harde samanstøytar mellom politi og demonstrantar i dag. Eit stort tryggingsoppbod vart møtt av minst 50 000 demonstrantar. Demonstrasjonen i dag er den største i Aten sidan mai 2011.

Nokre av demonstrantane kasta kraftige brannbomber mot politistillingar, og sette telt og dekk i fyr i gatene. Mange av aksjonistanevar maskerte, og dei deltok ikkje i dei arrangerte demonstrasjonstoga.

Det har også vore omfattande demonstrasjonar i storbyen Thessaloniki

Politibetjentar har vore svært nære eksplosjonar frå brannbomber som er kasta av demonstrantar.

Politiet skaut tåregass mot demonstrantane, og barka saman med store grupper av demonstrantar. Politiet gjekk hardt inn mot deler av demonstrasjonen, og mange demonstrantar flykta frå politistyrkane.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Brennende stand i Athen under generalstreik

OPPTØYER: Her er ein stand sett i flammar av demonstrantar i hovudstaden Aten. Politi forsøker å få kontroll på folkemengdene.

Foto: Reuters

Fleire tre vart òg sette i brann i hovudstaden, og deler av protestområdet vart røyklagt som fylge av dette. Brannmannskap kom raskt til staden for å sløkkje brannen.

I andre deler av byen gjekk demonstrasjonane føre seg på fredeleg vis. Mange tusen gjekk i tog og marsjerte med bannerar for å protestere mot nedskjæringane i den greske økonomien.

– Desse tiltaka må verte stoppa. Me må snu heile politikken vår slik det er no. Kaptialismen må vekk før folk får det betre att, seier ein av demonstrantane, Thanassis Soultanos, til nyheitsbyrået The Associated Press.

Fleire politiske fraksjonar og parti deltek i demonstrasjonane i dag. Blant desse er leiaren for det venstreradikale partiet SYRIZA, Alexis Tsipras.

– Dagens streik bør vere ein milepæl for oss. Opprøret kjem til å vare heilt til folket tek makta frå dagens regjering, seier han.

Turismen er lamma

– Det er eit stort problem for oss. Me hadde ein tidleg buss å rekke, men det gjekk ikkje, og me får ikkje att pengane våre.

Det seier den kinesiske turisten Mary Xu til Reuters. Ho sit på flyplassen i Hellas og ventar på eit fly som kanskje ikkje kjem. Andre får ikkje kome inn til underverk som dei har venta lenge på å få sjå.

– Me er komne heilt frå Australia for å sjå på desse flotte ruinane, og så er dei stengde. Det er frykteleg, seier Gordon Newlick.

Fly er kansellerte og Akropolis er stengd. Det tyder generalstreik i Hellas. Streiken starta klokka ti i dag føremiddag, og er arrangert av dei største fagforeiningane i Hellas. Dei protesterer mot Hellas' harde tilbakebetalingsvilkår av gjeld, som dei meiner vil gå hardt utover vanlege folk.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Greske kommunistar streikar

STORSTREIK: Kommunistpartiet i Hellas er blant dei sterkaste motstandarane av budsjettkutt og redningspakkane til EU. Her frå dagens demonstrasjonar i hovudstaden.

Foto: JOHN KOLESIDIS / Reuters

Ny avtale, nye stramme vilkår

Seint i går kveld skreiv den greske finansministeren og statsminister under på nye tiltak som skal gjere omverda nøgde. 11,5 milliardar euro i sparetiltak er resultatet, om lag 85 milliardar norske kroner. Men den jamne grekar fryktar det skal gå ut over daglegliva deira, og mange vil no ut av EU.

– EU vil aldri gjere noko godt for arbeidarane. Kampen for å melde oss ut av EU bør vere alle europeiske statars mål, seier Aleka Papariga, leiar for kommunistpartiet i Hellas, og ein av arrangørane bak dagens protestar.

Generalstreiken skal i utgangspunktet vare i 24 timar.

(AP, Reuters)

SISTE NYTT

Siste nytt