Hopp til innhold

Generaldirektør i Folkhälsomyndigheten om Tegnell-kritikk: – Nesten patetisk

Johan Carlson, generaldirektør i Folkhälsomyndigheten i Sverige tek Anders Tegnell i forsvar.

fhuBzC4T9ww

FÅR STØTTE AV GENERALDIREKTØREN: Den svenske statsepidemiologen Anders Tegnell.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

– Eg synest det er nesten patetisk. Det Åkesson seier er at samfunnet ikkje har klart å verne sine eldre, og det er naturlegvis heilt korrekt. Men han trekkjer ingen konklusjonar av det, seier Johan Carlson til Aftonbladet.

Carlson svarar på kritikk frå partileiaren i Sverigedemokraterna, Jimmie Åkesson, som laurdag skreiv ein debattartikkel i den svenske avisa Dagens Nyheter.

phWptM-DYKI

STØTTAR TEGNELL: Johan Carlson, generaldirektør i Folkhälsomyndigheten

Foto: SOREN ANDERSSON / AFP

Åkesson meiner statsepidemiolog Anders Tegnell og andre ansvarlege bak handteringa av koronakrisa i Sverige, må gå av.

Leiaren for Sverigedemokraterna grunngjev mellom anna kravet med at Folkhälsomyndigheten, i hans auge, har kome med fleire «grovt feilaktige» utsegn under pandemien.

– Det er på høg tid att dei ansvarslege for denne fiaskoen går av så raskt som råd, og at regjeringa tek politisk ansvar for det som har skjedd, meiner Åkesson.

Åkesson grunngjev og kravet med at svenske eldre «openbert» ikkje har fått vernet og støtta som dei har rett på under pandemien.

Jf2sHc5sh2U

KREV OPPVASK: Partileiar i Sverigedemokraterna, Jimmie Åkesson meiner svenske helsestyresmakter og regjeringa i landet ikkje har svikta dei eldre under koronapandemien.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / Fredrik Sandberg/TT

Generaldirektøren i Folkhälsomyndigheten meiner derimot at dei ikkje kan bli stilt ansvarlege for svakheitene i eldreomsorga i landet:

– Det står ganske klart for ein kvar at dei svakheitene som er avdekte i eldreomsorga, når det gjeld lovgiving, bemanning og organisasjon, knapt kan seiast å vere Folkhälsomyndigheten sin feil, seier Carlson til Aftonbladet.

Han meiner Åkesson som politikar bør styre klar frå å kommentere om tilsette i Folkhälsomyndigheten burde få sparken:

– Dette har han ikkje noko med. Det er verken regjeringa eller Åkesson som tilset offentlege tenestemenn, seier Carlson til det svenske nyheitsbyrået TT.

Tegnell: – Burde innført fleire tiltak

Sverige valde tidleg ein mindre restriktiv tiltak i kampen mot koronaviruset enn mange andre land. Helsestyresmaktene i landet ønska å avgrense smittespreiinga og verne risikogrupper, heller enn å prøve å stanse smittespreiinga heilt. I tråd med strategien har svenskane halde større delar av samfunnet ope, mellom anna skular og barnehagar.

Den svenske statsepidemiologen Anders Tegnell står i spissen for det svenske smittevernarbeidet.

I eit nyleg intervju med radioprogrammet «Ekot» på Sveriges Radio sa han at dei burde ha gjort meir for å bremse koronasmitten frå starten av utbrotet.

– Om vi skulle møte på same sjukdommen, med nøyaktig det vi veit om den i dag, trur eg vi ville ha gjort noko midt i mellom det som Sverige gjorde, og det som resten av verda har gjort, sa Anders Tegnell

Tegnell har enno ikkje kommentert kritikken frå Åkesson.

UO1k7hy-8wQ

Helse- og sosialministeren i Sverige, Lena Hallengren.

Foto: TT NEWS AGENCY

Helse- og sosialministeren i Sverige, Lena Hallengren, seier til Aftonbladet at regjeringa i landet har tatt dei beste vala utifrå kunnskapen dei til ei kvar tid har hatt om koronaviruset.

– Vi kjem til å lære mykje når vi går gjennom denne pandemien i ettertid. Fram til då kjem regjeringa til å fortsette å ta avgjersler basert på kunnskap, slik som vi har gjort fram til no, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt