General Ahmed Asiri fortel til NRK, at hæren no står ved utkanten av hovudstaden Sanaa. Houthi-militsen vil snart lide nederlag.
– Vi er så forsiktige som vi kan vere, og vi tek oss god tid for å hindre at sivile liv går tapt, seier Asiri.
Saudi-Arabia er der for å hjelpe folket i Jemen, fortel han.
Krevjande krigføring i eit fattig land
Vi er så forsiktige som muleg, fortel general Asiri til NRK. Men bilder som dette viser at bombekampanjen har sin pris. Bildet er fra 2015, og viser eit barn med kraftige brannskadar.
Foto: MOHAMED AL-SAYAGHI / ReutersMen kritikarane skuldar Saudi-Arabia for å skape ei humanitær krise, og med vilje å drepe sivile.
I oktober i fjor vart ei gravferd bomba. 140 vart drepne over 600 såra.
Dette var gravferda til ein prominent Houthi, og Human Rights Watch kalla det eit krigsbrotsverk.
Eit gapande hol der bomba slo ned under ei gravferd i oktober i fjor.
Foto: Hani Mohammed / ApTotalt 10.000 menneske er drepne i den to år lange borgarkrigen.
– Bomber skular
Gunvor Knag Fylkesnes i Redd barna seier til NRK Urix at Saudi-Arabia bombar sjukehus, skular og nabolag.
– Det ser ikkje ut til at dei tek omsyn til internasjonal humanitær rett, og reglar i krig, seier ho.
General Asiri hevdar at Houthi-militsen dekker seg bak dei sivile.
– Militsen gøymer seg på skular og på sjukehus og i heimar, der avfyrer dei Scud-rakettar.
– Kirurgisk presisjon
Koalisjonen har vore med å trene opp ein hær, og frå frå lufta gjev dei sokalla «close air support.»
– Det betyr at du gjev luftstøtte til soldatane på bakken. Vi driv ikkje med teppebombing som i Stalingrad eller Berlin, fortel han.
Men bombinga av eit sjukehus drive av Leger utan grenser, vart fordømt av det amerikanske utanriksdepartementet i fjor.
Har de også personell på bakken, som siktar seg inn på mål med laser?
– Eg trur ikkje det er så lurt å avsløre dette til Houthiane. Men vi gjer det som er nødvendig for å hindre tap av menneskeliv i bustadstrøk, fortel Asiri.
Reuters skriv at USA deler etteretning og satelittbilder med Saudi-Arabia for målstyring.
Eit ammunisjonsdepot blir bomba i Sanaa i oktober i fjor. Dette blir gjort med kirurgisk presisjon fortel general Asiri. Men det blir stilt spørsmål om kva denne presisjonen blir brukt til.
Foto: Hani Mohammed / ApIngen politiske løysing i sikte
Saudi-Arabias store rival i regionen, Iran, blir skulda for å støtte den sjimamuslimske militsen militært og politisk. Dette gjer diplomatiet komplisert og betent.
Ein annan bremsekloss er den gamle presidenten Ali Abdullah Saleh.
Støttemarkering for gamlepresidenten Ali Abdullah Saleh i mars i fjor. Han er no alliert med Houthi-militsen.
Foto: Hani Mohammed / ApSaleh, som var president sidan 1978, trakk seg motvillig i 2012 (sjå faktaboks), men har alliert seg med sine tidlegare erkefiendar Houthiane.
Fem år gamle Mohammad Ali ligg på eit sjukehus i Jemen kraftig underernært. Folket er ungt og talrikt. Krigen har råka dei svakaste hardt.
Foto: Hakim / ApGeneral Asiri samanliknar Saleh med diktatorar som Saddam Hussein og Moammar Gaddafi.
– I dag ligg Saleh i dekning, som alle desse diktatorane, vil han måtte stå til rette for brotsverka sine mot folket i Jemen, seier Asiri til NRK.