Hopp til innhold

Geithners krisepakke gav børsras

USAs finansminister Timothy Geithner har lagt fram ein ny gigantisk krisepakken, men marknaden reagerer svært negativt.

USAs finansminister Timothy Geithner.

Amerikanske investorar har teke dårleg mot den nye krisepakken til Timothy Geithner.

Foto: PAUL J. RICHARDS / AFP

Det er sett av 500 milliardar dollar, rundt 3500 milliardar kroner, i eit fond som skal kjøpe rotne lån frå amerikanske bankar. Dette er eit kombinert statleg og privat fond, opplyser finansministeren.

Målet er å hindre at bustader skal bli selde på tvangsauksjon.

Samstundes skal den amerikanske sentralbanken spytte ein trillion dollar inn i marknaden slik at bankane skal kunne auke utlåna sine.

Bustadkrisa

50 milliardar dollar er avsett for å hindre ei forverring av bustadkrisa i USA.

- Pengane skal hindre at bustadkrisa blir ei enda større byrde på den generelle økonomiske utviklinga i landet, seier Timothy Geithner.

Han la fram sin "Financial Stability Plan" , økonomisk stabilitetsplan", i ein tale i Washington i ettermiddag norsk tid.

Geithner sa at summen på 50 milliardar dollar kan bli auka seinare.

Men dei amerikanske børsane reagerte ikkje positivt på nyheitene frå Geithner. Dow Jones-indeksen viste tilbakegang før talen, og etterpå var det eit skikkeleg ras.

Ein halv time før stengetid i kveld viste Dow Jones-indeksen ein nedgang på 4,5 prosentpoeng. Teknologitunge Nasdaq var ned 3,84 pst.

- Diffus plan

Fleire investorar sa rett ut at planen til Geithner var for diffus.

- Investorar vil ha klar tale, enkle tiltak og bevis på handlekraft. Denne planen er innvikla og tåkete, seier James Ellmann, direktør for Seacliff Capital i San Francisco til nyheitsbyrået Reuters.

Også europeiske børsar reagerte negativt på nyheitene frå USA. Oslo Børs var ned 1,49 prosentpoeng. Det var enda kraftigare nedgang i London, Frankfurt og Paris.

Skepsis

Finansminister Geithner vedgår at mange amerikanarar er djupt skeptiske til tiltaka som no er lagde fram. Og han har full forståing for, sa han, at dei reagerer på at skattebetalarane skal redde bankar, som sjølve var med på å skape krisa gjennom manglande styring og innsyn.

Elles la Geithner fram få detaljar, men han lovde å snu alle steinar for å skape nytt liv i den kriseramma banknæringa.

- Staten vil med full kraft gå inn i samarbeidet med private selskap for å stabiliserer det amerikanske finanssystemet. Målet er å skape ny kredittflyt samstundes som forbrukarane skal vernast, sa Timothy Geithner blant anna.

Ja til stimuleringspakke

I kveld norsk tid vedtok Senatet president Barack Obamas forslag til stimuleringspakke for den amerikanske økonomien. Planen har ei ramme på 838 milliardar dollar, eller vel 5600 milliardar kroner.

Senatet sa med 61 mot 37 røyster ja til sin eigen versjon av pakken, som er 19 milliardar dollar større enn det Representanthuset har gått inn for.

Begge kammera i Kongressen må godkjenne pakken før presidenten kan underteikne lova som set dei foreslåtte stimuleringstiltaka ut i livet.

Det er venta harde forhandlingar med tøff hestehandel utover i denne veka.

SISTE NYTT

Siste nytt