– Vi har markert oss i dette valet. Påverknadskrafta vår aukar kvar dag, sa Geert Wilders då at han stemde onsdag føremiddag.
Det er knytt stor spenning til kor mange røyster Wilders og partiet hans kjem til å få. Meiningsmålingane viser at det er svært jamt mellom partiet hans PVV, og partiet til statsminister Mark Rutte, VVD.
Wilders håpar å kunne bli det største partiet i Nederland, men seier at uansett kva resultatet vert så har dei vunne.
– Revolusjonen er komen for å bli, seier Wilders, som fleire gongar har hevda at Europa no opplever ein patriotisk vår.
Mange usikre veljarar
– Eg er litt redd for Geert Wilders. Han gjer at folk vert sinte på kvarandre, seier Ester Zant. Ho var ein av dei første i køen då eit av vallokala opna utanfor Haag i dag.
Zant fryktar kva som kan skje dersom Wilders får for mange røyster. Derfor har ho valt å stemme på arbeidarpartiet PvdA.
Dei siste meiningsmålingane tyder på at det er svært mange som enno ikkje har bestemt seg for kva parti dei skal stemme på.
– Vanskeleg å velje
– Det politiske landskapet er uklart, og det har kome fleire nye parti, seier Niels van Wieringen, medan han ventar på å få stemme.
Til saman er det 28 parti å velje mellom. Van Wieringen meiner at partia ikkje har vore flinke nok til å skilje seg ut, og at det er uklart kva dei står for.
Sjølv har han lenge visst kven han skal stemme på, og vel å gi si stemme til eit anna parti på høgresida, Forum voor Democratie.
Medan van Wieringen legg si stemme i valurna, har det kome fleire barn til vallokalet. Skulane som vert brukte som vallokale vert ikkje stengde, forklarar valfunksjonæren med ansvar for vallokalet.
– Det er ei fin oppleving og eit godt møte med demokratiet.
- Følg oppteljinga av stemmene frå valet i Nederland i Urix spesial på NRK2 og NRK.no kl. 21.35.
Lange forhandlingar
Vallokala stengjer klokka 21.00 i kveld, og då kjem den første valdagsmålinga.
Sjølv om partiet til Wilders skulle bli størst, er han langt unna eit absolutt fleirtal, og dei andre store partia ønskjer ikkje å samarbeide med han.
På grunn av valsystemet i Nederland er det ingen parti som kan regjere åleine, seier Frank Aarebrot, professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.
– Alle regjeringar etter andre verdskrig har vore koalisjonsregjeringar. Og dei er gjerne sette saman av fire til fem parti.
Prosenten røyster eit parti får, blir også prosenten mandat partiet endar opp med i parlamentet, forklarar Aarebrot. Derfor tek forhandlingane lang tid.
– Det er berre Belgia som brukar lengre tid enn hollendarane.