Geert Wilders teken mot som ein helt i Dresden

DRESDEN (NRK): Den nederlandske islamkritikaren Geert Wilders vart teken mot som ei rockestjerne av mellom 10.000 og 15.000 Pegida-demonstrantar i den tyske byen Dresden i kveld.

Gert Wilders under Pegida-demonstrasjon i Dresden.

Den nederlandske islamkritikaren Geert Wilders vart møtt med jubel under Pegida-demonstrasjonen i Dresden i kveld.

Foto: ROBERT MICHAEL / Afp
Elisabeth Onsum
Journalist (Dresden)
Bent Tanstad
Journalist

Etter ei tid med fallande tal på deltakarar i Pegida-demonstrasjonane i Dresden, var det eit oppsving i kveld. Om det skuldast at mange hadde møtt fram for å høyre Geert Wilders er uklart, men det var ingen tvil om at den omstridde politikaren med den blonde løvemanken hadde kome til sine eigne.

NRKs Elisabeth Onsum under demonstrasjonen i Dresden.

NRKs journalist Elisabeth Onsum var til stades under Pegida-demonstrasjonen i Dresden i kveld.

Foto: NRK

– De som har møtt fram her er heltar. De er dei einaste som har forstått kva fare Tyskland og Europa er i. Om du elskar Tyskland, så slår du alarm. Elskar du kona di og borna dine, så slår du alarm, sa Geert Wilders i talen sin. Pegida-demonstrantane svarte med vill jubel.

Pegida fortsetter tross terrortrusler

Tysk Pegida-leder trekker seg

Ville ta med Angela Merkel

Geert Wilders ropte ut til demonstrantane at han ville ta med seg Angela Merkel heime til Nederland. Då jubla tilhøyrarane hemningslaust, men så sa Wilders at han ikkje ville ha henne med likevel. Det kalla fram latteren hos demonstrantane.

Stort politioppbod i Dresden.

Rundt 1500 politifolk heldt Pegida-demonstrantane og motdemonstrantane frå kvarandre i Dresden i kveld.

Foto: Elisabeth Onsum / NRK

Geert Wilders sa også at han ikkje hata muslimar, men det totalitære islam. Samstundes oppmoda han muslimar om å reise frå Europa.

Så var det «Wir sinn das Volk» (Vi er folket), Deutschland Deutschland über alles og fleire appellar, før folk gjekk kvar til sitt.

Fleire tusen menneske møtte opp for å demonstrere mot Pegida, men dei to grupperingane kom aldri i kontakt med kvarandre. Politiet har mobilisert kraftig i løpet av dagen, og det er henta inn forsterkingar frå andre delar av Tyskland.

Pegida-demo i Dresden.

Flagget Pegida-demonstrantane brukar er til forveksling likt det norske, men det er den såkalla Staufenberg-fana. Dette flagget vart brukt av dei tyske offiserane som prøvde å ta livet av Hitler under andre verdskrigen.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters
Plakat med Angela Merkel-plakat.

Demonstrantane bar plakatar der Angela Merkel var kledd opp som i ei naziuniform, men der hakekorset var bytt ut med euro-symbolet.

Foto: Jens Meyer / Ap

Flere titusener i protest både med og mot Pegida i Tyskland

– En snikmorder skulle blande seg i mengden og drepe Pegida-leder

Tungt politioppbod

Det krydde av tyske flagg under demonstrasjonen i Dresden.

Mellom 10.000 og 15.000 demonstrantar deltok i Pegida-markeringa i Dresden i kveld.

Foto: Elisabeth Onsum / NRK

Væpna politi, mange pansra køyretøy har vore synleg i byen i heile dag. Fram mot starten på demonstrasjonen klokka 17 slo politiet ein jarnring rundt både demonstrantane og motdemonstrantane, slik at det ikkje var mogleg for dei å kome i kontakt med motparten.

Då Pegida-arrangementet gjekk føre seg var motdemonstrantane rundt ein kilometer unna. Grupperingane var nærmare kvarandre både før og etter, men det var aldri fare for samanstøytar.

Pegida-demonstrantane vifta med tyske flagg og med eit flagg som til forveksling var likte det norske, berre at det som er kvitt på det norske flagget hadde den gulbrune fargen ein finn i det tyske flagget.

Gert Wilders' parti ribbes i valget

Lover et mer bråkete EU-parlament

Anti Pegida-demonstrasjon i Dresden.

Motdemonstrantane protesterte blant anna ved å blåse såpebobler.

Foto: Sebastian Kahnert / Afp

Staufeneberg-fana

Dette er «Die Staufenberg Fahne», eit flagg som vart brukt av offiserane som under andre verdskrigen prøvde å ta livet av Adolf Hitler. Mange har reagert på at Pegida-demonstrantane nettopp har teke i bruk dette antinazistiske symbolet under demonstrasjonane.

Pegida marsjerer mot islam i Østerrike

– Tilbakeslag for ytre høyre i Nederland

Video frå Dresden-demonstrasjon-

VIDEO: Demonstrasjonar i Dresden

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt