Hopp til innhold

Idrettshelten som vil bli president

Haile Gebrselassie har fascinert ei heil verd med sine fantastiske verdsrekordar og gode kondisjon. No har mannen som framleis har banerekord på Bislett planar om å bli Etiopias nye president.

Haile Gebrselassie

Han har sprunge rundt med flagget både på brystet og over hovudet mange gonger. No lanserer han ambisjonar om å bli Etiopias øvste leiar.

Foto: OLIVER LANG / AFP

– Eg tenkjer på det. Eg veit ikkje akkurat når, men eg tenkjer på om eg kan gjere ein god jobb som president, slik eg gjorde i friidretten, seier Haile Gebrselassie til nyheitsbyrået AP.

– Kvifor ikkje?

Den vesle mannen er eit av dei største namna som har kome frå det afrikanske kontinent. På 90-talet herja han på friidrettsbanen med verdsrekord etter verdsrekord, og åleine klarte han å sette Etiopia på verdskartet innan idrett.

Høyr reportasje frå Verden på lørdag i NRK P2 - laurdag 5. oktober

Gebrselassie gjekk etter kvart over frå langdistanseløping til maraton, men har dei siste åra slite med skadar. No kan det sjå ut til at han har starta planane om ei ny karriere.

– Eg vil prøve å bli velt inn i parlamentet, og om eg har sjanse til å bli president, ja, kvifor ikkje, spør 40-åringen.

– Gebrselassie kan samle Etiopia

I Etiopia er presidentvervet ei seremoniell rolle, og mindre politisk enn statsministerrolla. Etiopia-ekspert Øyvind Aadland, som har vakse opp i Etiopia, og som no jobbar i Strømmestiftelsen, trur Gebrselassie kan fungere godt i ei presidentrolle fordi han har potensial til å samle det etiopiske folk.

Øyvind Aadland

Generalsekretær i Strømmestiftelsen, Øyvind Aadland, trur Gebrselassie kan bidra til å samle landet om han blir Etiopias president.

Foto: Strømmestiftelsen

– Om me skal byrje å snakke om nokon som kan skape nasjonal samling, så er det Haile Gebrselassie. I eit land som av forskjellige grunner ikkje har hatt ei samling rundt nasjonsbygginga, så har det vore utruleg kva det har betydd når det etiopiske flagget går til topps på idrettsarenaer verda over, seier Aadland.

Statsministeren døydde

I fjor døydde statsministeren i Etiopia, Meles Zenawi, etter lengre tids sjukdom. Aadland meiner Zenawi var ein god leiarskikkelse, trass manglar på demokratiserings- og menneskerettssida.

Etter Zenawis død har lite endra seg i Etiopia. Menneskerettsorganisasjonar seier at tilhøva framleis er like vanskelege for dei som kjempar for demokrati og menneskerettar. Og maktvakuumet etter Zenawi har blitt fylt av hans visestatsminister Hailemariam Desalegn. I 2015 er det planlagd eit nytt val.

Aadland meiner Zenawi bidrog til utvikling i Etiopua, men peiker til at det framleis er fleire utfordringar for dei som ønskjer å engasjere seg politisk i Etiopia.

– Landet har 80 etniske grupper, og er omringa av mellom andre Sudan, Somalia og Eritrea. Det å skape eit inkluderande samfunn er veldig vanskeleg. Zenawi var ikkje flink nok til å inkludere dei ulike folkegruppene i dei politiske avgjerslene, og hans menneskerettsbakgrunn er også sterkt kritisert.

Ein av 15 kandidatar

På tysdag skal ny president veljast når Girma Wolde-Girogis no må gi seg etter andre og siste presidentperiode, og Gebrselassie er nemnt blant dei 15 personane som ligg an til å kunne smykke seg med presidenttittelen.

Om den vesle mannen frå den etiopiske landsbygda skulle bli landets nye leiar, så vil i det minste symboleffekta både innanfor Etiopia, men også i verda elles vere stor.

SISTE NYTT

Siste nytt