Hopp til innhold

Høgste arbeidsløysa i verda

Økonomien på Gazastripa er verre enn nokon gong, og arbeidsløysa er høgst i verda, skriv Verdsbanken i ein ny rapport.

I havna i Gaza City.

HØG ARBEIDSLØYSE: Arbeidsløysa på 43 prosent er truleg den høgste i verda, ifølge Verdsbanken.

Foto: MOHAMMED ABED / Afp

– Krig, intern splid og dårleg styresett har kvelt økonomien på Gazastripa, seier Steen Lau Jørgensen, Verdsbankens direktør for Gaza og Vestbreidda, til nyhendebyrået Reuters.

Han skal legge fram rapporten i Brussel 27. mai under eit møte for givarlandsgruppa for Palestina (AHLC), som Noreg leiar.

43 prosent utan arbeid

Gazastripa har truleg verdas høgste arbeidsløyse ifølge rapporten, på heile 43 prosent Endå verre er situasjonen for dei unge; 68 prosent av dei mellom 20 og 24 står utan arbeid.

– Marknaden i Gaza har ikkje jobbar å tilby, og dette fører med seg ein desperat situasjon for store deler av folket, spesielt dei unge, seier Jørgensen.

Sjølv om den økonomiske situasjonen lenge har vore alvorleg, har den vorte forverra etter at Hamas vann valet og tok over styringa i 2007. Blokaden som Israel starta same året, og som Egypt seinare slutta seg til, har også bidrege til situasjonen.

– Eksporten har sokke med 60 prosent. Økonomien kan ikkje overleve utan å vere knytt saman med verda utanfor, seier Jørgensen, med ei sterk oppfordring til at blokaden vert oppheva.

Etter eit angrep i oktober der 30 soldatar vart drepne, har Egypt i stor grad stengt Rafah-terminalen på grensa. Dette er ein del av innsatsen for å øydelegge handelen via underjordiske tunnelar mellom Gaza og Egypt.

Palestinsk kvinne som mista huset sitt under krigen sommaren 2014

AVHENGIGE AV HJELP: 80 prosent av innbyggarane på Gaza tek imot ein form for bistand.

Foto: IBRAHEEM ABU MUSTAFA / Reuters

Hjelpa let vente på seg

Meir enn 80 prosent av dei 1,8 millionar innbyggarane tek imot ein form for bistand, og 40 prosent lev under fattigdomsgrensa. BNP er berre eit par prosentpoeng høgre enn den var for 20 år sidan, samstundes som Gaza har hatt ei folkeauke på 230 prosent. Etter krigen mellom Israel og Hamas i fjor gjekk BNP 15 prosent tilbake. Realinntekta er no 31 prosent lågare enn den var i 1994.

– Kjensla av håpløyse er gjennomtrengande, spesielt etter krigen i fjor. Tilgangen til basistenester som elektrisitet, vatn og kloakksystem vert stadig forverra, og pandemiar og smittsame sjukdommar er ein trugsel, seier Jørgensen.

Av dei 26 milliardane som trengst til rekonstruksjonen av Gaza har dei berre fått 27.5 prosent så langt. Det er spesielt Golf-statane og Tyrkia som ikkje har levd opp til løfta sine, avslører rapporten.

Qatar har så langt gitt 10 prosent av den milliarden dollar dei lova, medan Saudi-Arabia, Tyrkia og Kuwait til saman har gitt litt over 50 millionar av dei 900 millionane dollar dei har annonsert.

SISTE NYTT

Siste nytt