Fire menneske vart drepne i eksplosjonen, tre menn og ei kvinne. Minst to av dei var kjende Hamas-aktivistar. Fleire titals menneske vart skadde i den kraftige eksplosjonen, fleire av dei alvorleg.
Den ytterleggåande gruppa Hamas seier at eksplosjonen skuldast eit israelsk helikopterangrep, men den israelske hæren avviste i går at dei på nokon måte var innblanda.
Det palestinske innanriksdepartementet seier i dag at det var lagra store mengder sprengstoff i eitt av husa, og at det oppstod ein brann under framstilling av bomber.
- Etterforskinga viser, og augevitne har fortalt, at det oppstod ein brann under framstilling av eksplosivar, og at dette førte til den kraftige eksplosjonen, seier talsmannen Tawfiq Abu Khoussa.