NRK Meny
Normal

Gateslag om reformar i Mexico

Mexico har det lågaste skattenivået av alle dei 34 oljeproduserande OECD- landa. Nå er økonomien i nedgang og presidenten vil reformere skattenivå og oljeindustri. Men tiltaka blir møtt med protest og gateslag.

Opprørspoliti omsluttet av flammer

Opprørspoliti omslutta av flammar etter at demonstrantar kasta Molotov-cocktails under ein demonstrasjon mot oljereformene i Mexico by 1. september i år.

Foto: Henry Romero / Reuters

«Nei til det store tjuveriet», står det på ein gigantisk plakat.

Under står venstrepolitikar Andres López Obrador og tar imot jubel og Viva-rop frå ei menneskemengde på fleire titals tusen.

Protestmøtet er eitt i rekka av mange i Mexiko by den siste veka, og det er dei annonserte økonomiske reformene til regjeringspartiet PRI og president Enrique Peña Nieto som får gjennomgå.

Det er særleg reformeringa av energisektoren og auka skattar som får folk ut i gatene.

Mot korrupsjon og juks

Manuel Lopez Obrador

Manuel Lopez Obrador talar mot dei foreslåtte reformene i oljesektoren i Mexico sist søndag.

Foto: Marco Ugarte / AP

Venstreleiar López Obrador tapte presidentvalet i fjor, men hevdar sjølv det var på grunn av valjuks.

Han leiar partiet PRD (det demokratiske revolusjonspartiet) som blei stifta i 1988 for å utfordre PRI (det institusjonelle revolusjonspartiet) som lenge har vore kritisert for korrupsjon.

Frå scena langar PRD-leiaren ut mot det han kallar eit skamfullt ran, og det er først og fremst oljereforma han vil til livs.

Reformplanane er laga i utlandet, hevdar López Obrador, dei er laga til fordel for utanlands oljefirma.

Utspelet til venstreleiaren kjem på same tid som president Peña Nieto denne veka legg fram ei større skattereform.

Frå før har presidenten fått med seg mellompartia på å reformere utdanningssystemet og privatisere den statlege telekommunikasjonen. Store lærarprotestar har vore fåfengd.

Artikkelen fortset under biletet.

Tilhengere av Lopez Obrador

Tilhengjarar av tidlegare presidentkandidat Andres Manuel Lopez Obrador jublar medan dei høyrer han tale i Mexico by 8.september, under ein protest mot regjeringa sine planar om reformer i oljesektoren.

Foto: Marco Ugarte / AP

Sosial protest

Cuauhtemoc Cardenas

Cauhtemoc Cardenas, sonen til tidlegare president Lazaro Cardenas, under ein demonstrasjon mot privatiseringa 31. august. Det var nettopp president Lazaro Cardenas som i 1938 nasjonaliserte oljeselskapet.

Foto: Marco Ugarte / AP

Skattereforma og dei andre tiltaka skal skape sosial utjamning, hevdar den meksikanske presidenten.

Målet er å auke investeringane i offentleg sektor og styrke både utdanning og infrastruktur i landet.

Peña Nieto lovar ei allmen pensjonsordning og forsikringsopplegg for dei arbeidsløyse. Men dette ser ikkje ut til å kunne sukre pilla godt nok, regjeringspartiet PRI slit med å kome seg vekk frå inntrykket av dei er i lomma på dei rikaste.

Folk som har tatt til gatene er først og fremst forarga over at monopolselskapet Pemex nå skal få minka skatten med nesten 20 prosent – blant demonstrantane er det gamle og slitne arbeidsfolk, ei eldre kvinne har trekt ei t-skjorte over kjolen sin – der står det «Oljen er min, nei til verdas største ran.»

President Peña Nieto har ikkje gjort seg meir truverdig overfor fattigfolk ved å vike unna kravet om større skatt for dei rike i landet.

Heller ikkje verdas rikaste mann, Carlos Slim, risikerer å måtte betale inn meir til statskassa.

Carlos Slim

Den rikaste mannen i verda, den meksikanske milliardæren Carlos Slom, fotografert i Mexico by torsdag denne veka.

Foto: Bernardo Montoya / Reuters
Enrique Pena Nieto

Mexico sin president Enrique Pena Nieto.

Foto: Eduardo Verdugo / AP

Forretningsmannen fekk nyte godt av at det blei opna opp for fri konkurranse innan telekommunikasjon, men skal framleis betale 30 prosent av utbyttet.

Middelklassa skal derimot svi, for dei som tener over 230 000 i året blir det oppgang frå 30 til 32 prosent auka skatt å betale.

Vil ha investering

Presidenten har programerklært at han vil gjere Mexicos økonomi sunnare og mindre oljeavhengig.

Peña Nieto vil også gi andre firma tilgang til energisamarbeid med statlege Pemex. Han vil modernisere selskapet og gjere det meir transparent, seier han.

Pemex har i alle år hatt ord på seg for å vere eit superkorrupt og ineffektivt statsmonopol.

Det har nå gått 75 år sidan Mexico nasjonaliserte oljedrifta og reformer trengst, hevdar Peña Nieto, som avviser at det er snakk om privatisering av arvesølvet.

Før valet i fjor sendte PRI ein delegasjon til Norge for å studere Statoil sine erfaringar. Partiet treng støtte frå den konservative fløya i parlamentet (PAN) for å få energireforma gjennom.

Den førre presidenten, Felipe Calderon, kom frå dette partiet, men måtte gi opp sin freistnad på å reformere oljesektoren.

Spenning i Statoil

Reformiveren til Mexicos tradisjonsrike og korrupsjonskritiserte regjeringsparti PRI blir ønskt velkommen frå mange hald, og ikkje minst frå samarbeidspartnarar i oljebransjen.

Det er til dømes spenning i Statoil om dette kan føre til utvida samarbeid framover.

Og trass i at deler av venstresida nå kjempar mot alle reformene i store gateslag, er det fleire hendingar og tiltak som viser at PRI er i ferd med å ta eit internt oppgjer med tidlegare korrupte uvanar i regjeringspartiet.

For Mexico handlar det nå om å snu eit dårleg omdømme, å få økonomien på fote igjen og overtyde verda om at ikkje alt handlar om korrupsjon og narkovald i det ressursrike landet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt