NRK Meny
Normal

- Den spanske regjeringa har kidnappa demokratiet

Det var tilløp til gatekampar i den spanske hovudstaden Madrid i kveld, då minst 6000 menneske demonstrerte mot sparepolitikken til regjeringa.

Video fra uro i Madrid 25.9. 2012.

VIDEO: Tilløp til gatekampar i Madrid.

Demonstrantane ropte blant anna at regjeringa til Rajoy har kidnappa det spanske demokratiet. Minst sjudemonstrant er såra i samanstøytane, og minst 15 er arresterte.

Politiet har skote med gummikuler for å spreie demonstrantane.

Gjekk mot parlamentet

Store menneskemengder samla seg i sentrum av Madrid.

Fleire tusen demonstrantar samla seg i sentrum av Madrid i kveld.

Foto: Andres Kudacki / Ap

Rundt 1500 politifolk vart utkommanderte i samband med den store demonstrasjonen mot regjeringa sin politikk. Demonstrantane gjekk mot parlamentet Cortes, og fleire demonstrantar vart banka opp av politiet då dei prøvde å ta seg forbi sperringane.

Den spanske nasjonalforsamlinga var samla til plenumsmøte for å diskutere dei knallharde sparetiltaka regjeringa har foreslått.

LES OGSÅ: Pause i greske kriseforhandlinger

LES OGSÅ: Spania forhandler på bakrommet

Demonstrantane, som kallar seg «Indignados» (Dei Indignerte) meiner statsminister Mariano Rajoy og den konservative regjeringa hans har svikta valløfta frå i fjor, og at han derfor må gå av. Rajoy har vorte stadig mindre populær på grunn av kutta i den offentlege pengebruken.

25 prosent arbeidsløyse

Arbeidsløysa i Spania er no på 25 prosent, altså er kvar fjerde person i arbeidsfør alder utan arbeid. Blant ungdom er arbeidsløyse godt over 30 prosent. Den spanske økonomien er venta å krympe med to prosent i år.

Luis Rodriguez (36) var ein av demonstrantane i kveld. Han er brannmann av yrke, og han fortel at han har gått ned 60.000 kroner i årslønn. No fryktar han at lønna vil gå endå meir ned, og då trur han ikkje det blir mogleg å få endane til å møtast.

Store demonstrasjonar i Madrid.

Demonstrantane kravde at regjeringa må gå av, fordi dei har svikta valløfta frå i fjor.

Foto: Andres Kudacki / Ap
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt