Hopp til innhold

Gatekampar etter drap på muslimsk leiar i Kenya

Det er harde samanstøytar mellom politi og rasande demonstrantar i den kenyanske feriebyen Mombasa, etter drapet på ein populær muslimsk leiar i går kveld.

Drap på muslimsk leiar i Mombasa

Sheikh Ibrahim Omar og tre andre vart skotne og drepne i denne bilen i Mombasa seint torsdag kveld.

Foto: Ap

Demonstrantane skuldar politiet for å ha teke livet av Sheikh Ibrahim Omar. Han vart skoten og drepen i bilen sin i Mombasa i går kveld saman med tre av medarbeidarane sine. Ein fjerde person i bilen overlevde.

Ingen er arrestert etter drapet, og det muslimske miljøet i Mombasa er i harnisk.

Sette fyr på kyrkje

Politiet var førebudd på demonstrasjonar, og har skote tåregass mot folkemengda for å spreie dei. Demonstrantane har også sett fyr på ei kyrkje i området, fortel eit augevitne til nyheitsbyrået Reuters. Ein person er stadfesta drepen i uroa.

Drap på muslimsk leiar i Mombasa.

Ein uidentifisert slektning i djup sorg etter drapet på Sheikh Ibrahim Omar i Mombasa torsdag kveld.

Foto: Ap

Brannvesenet greidde å sløkkje brannen i Frelsesarmeen si kyrkje i Mombasa før bygningen vart overtent.

Drapet på den muslimske leiaren skjer i underkant av to veker etter terrorangrepet mot kjøpesenteret Westgate i Nairobi, der minst 100 menneske vart drepne. Den somaliske islamistiske opprørsgruppa Al Shabaab har teke på seg ansvaret for angrepet og varsla nye angrep.

Band til somaliske islamistar

Sheikh Ibrahim Omar var knytt til ein moske som tidlegare har hatt sterke band til somaliske islamistar. Drapet skjedde seint i går kveld, berre nokre hundre meter frå der ein kollega av Omar, Aboud Rogo, vart skoten og drepen i august 2012.

Tjukk røyk har stige opp frå området rundt Masjid Musa-moskeen i ettermiddag, og det skal også ha vore skote med skarpt. Minst fire menneske er såra, og to av dei skal ha skotskadar. Seinare har det kome meldingar om at minst ein er drepen.

Politiet har gitt beskjed om at dei ikkje har tenkt å la dei demonstrerande ungdomane få ta over gatene i byen.

Uro i Mombasa i Kenya.

Ein mann prøver å sløkkje eit brennande bildekk i Mombasa fredag ettermiddag.

Foto: STR / Ap

Skuldar på politiet

– Det er ikkje tvil om at politiet her har gjennomført ei avretting, akkurat som dei gjorde med Rogo. Eg blir overraska om det ikkje kjem til opptøyar, seier 37 år gamle Abdul Hassan Omar frå bydelen Majengo i Mombasa til Reuters.

Både Sheikh Ibrahim Omar og Aboud Rogo vart knytte til ein moske i denne bydelen, som har mange muslimske innbyggjarar.

Politisjefen i Mombasa, Roberg Kitur, avviser på det sterkaste at politiet hadde noko med drapet i går kveld å gjere. Han har gjort det klart at politiet ikkje vil tolerere at demonstrasjonane etter fredagsbøna blir valdelege.

Også etter drapet på Aboud Rogo i fjor sommar utvikla det seg til valdelege samanstøytar i Mombasa.

Westgate kjøpesenter i Nairobi, Kenya

Terrorangrepet mot kjøpesenteret Westgate i Nairobi var det verste mot kenyanske mål nokon gong.

Foto: Jason Straziuso / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt