Hopp til innhold

Går til valurnene i Haiti

Folket på Haiti går søndag til urnene for å velja ein ny president i eit val som er omkrinsa av vald, kolera og fattigdom.

Presidentval i Haiti

I dag skal folket på Haiti velja sin neste president. Valkampanjen har vore prega av opptøyar, og frykten for valfusk er stor.

Foto: Andres Leighton / Ap

Vallokala på Haiti opna søndag kl.12 norsk tid, og innbyggjarane i det katastroferåka landet er no i full gang med å velja sin neste president.

– Det er viktig å stemma, eg er glad for å vera her, seier Michel Pean, ein av dei som var tidleg ute for å gje si stemme.

Første sidan jordskjelvet

Presidentval i Haiti

Haitisk politi kontrollerer ID-kort utanfor eit stemmelokale i sentrum av hovudstaden Port-Au-Prince.

Foto: KENA BETANCUR / Reuters

Av totalt 10 millionar innbyggjarar, er 4,7 millionar stemmeberettiga. Desse skal velja ein etterfølgjar til noverande president René Préval, samt representantar til nasjonalforsamlinga.

Heile 18 presidentkandidatar stiller til valet, som er det første sidan det fatale jordskjelvet i januar, då 250 000 menneske mista livet.

– Søndag er ein viktig dag for Haiti si framtid, sa den sitjande presidenten i ei kunngjering laurdag.

Préval oppfordra veljarane til å gjere borgarplikta si «i ordna og disiplinerte former, slik at valdagen blir bra og Haiti kan bevege seg framover».

Skyting og tåregass

Den humanitære krisa etter katastrofejordskjelvet i januar, generell fattigdom og Haitis sikkerheitsproblem er viktige saker i valkampen.

Ein FN-styrke på 12.000 soldatar skal bidra til sikkerheita under sjølve valet. Valkampen, som blei formelt avslutta på fredag, har så langt vore ein valdeleg affære.

Tilhengjarane til dei ulike kandidatane har angripe kvarandre med vald. Under eit valmøte måndag skaut og drap FN-styrkar to væpna personar som kom ut av kontroll. Politiet har også brukt tåregass for å roa ned bråkmakarane.

Val i Haiti

Ein heil vegg dekka med kampanjeplakatar for Jude Celestin, ein av dei 18 kandidatane som stiller i presidentvalet.

Foto: stephane jourdain / Afp
– Utsett for attentat

Ifølgje NTB skal det også ha blitt losna skot under eit valmøte fredag kveld. Presidentkandidaten Michel Martelly og hans tilhengjarar flykta i panikk, og hevdar at det var eit attentatforsøk mot han.

Dei seier augevitne har peikt ut ein av livvaktane til ein politikar tilknytta regjeringspartiet Inite blant de væpna mennene. Ifølgje politiet blei ingen skadde i skyteepisoden.

– Burde fokusert på kolera

Valet vert gjennomført på den planlagde datoen, til tross for at fleire av presidentkandidatane nyleg bad om ei utsetjing av valet.

Dei meiner styresmaktene burde fått høve til å fokusera fullt og heilt på å bekjempa koleraepidemien som krev stadig fleire menneskeliv i det fattigaste landet på den vestlege halvkula.

Meir enn 1600 menneske er no døde av epidemien.

Presidentkandidat Mirlande Manigat

Presidentkandidat og eks-førstedame Mirlande Manigat er førebels den som gjer det best på meiningsmålingane.

Foto: stephane jourdain / Afp
Tidlegare førstedame i leiinga

På den nyaste meiningsmålinga fekk kandidaten Mirlande Manigat eit forsprang på dei andre med åtte prosentpoeng. Manigat er ei tidlegare førstedame og ein høgt respektert opposisjonspolitikar.

Utfordringane vil stå i kø for den som til slutt går av med sigeren i presidentvalet. Haitis neste president får ansvaret for å gjenoppbygga den traumatiserte nasjonen der 80 prosent av befolkninga lever under fattigdomsgrensa.

Det endelege resultatet frå valet skal etter planen verta offentleggjort den 20. desember.

SISTE NYTT

Siste nytt