Hopp til innhold

Går mot storstreik i Storbritannia

750.000 offentleg tilsette vil gå ut i streik i Storbritannia førstkomande torsdag, etter mislukka forhandlingar i dag. Samstundes blir det trua med generalstreik til hausten.

Statssekretær i Finansdepartementet i Storbritannia, Danny Alexander.

Statssekretær Danny Alexander i Finansdepartementet har erta på seg fagforeiningane i offentleg sektor.

Foto: PAUL HACKETT / Reuters

Det har vore harde forhandlingar mellom fleire store fagforeiningar og representantar for regjeringa. Kabinettsekretær Francis Maude og statssekretær Danny Alexander i Finansdepartementet seier at samtalane med fagforeiningane har vore konstruktive, medan ein representant for fagforeningane kallar samtalane ein farse.

Står langt frå kvarandre

TUC-sjef Brendan Barber

Brendan Barber er sjef for samanslutninga av britiske fagforeiningar, TUC.

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters

Leiaren for samaslutninga av britiske fagforeningar, The Trades Union Congress, Brendan Barber, sa etter forhandlingane at det er mogleg å få til semje på ein del punkt, men at partane framleis står langt frå kvarandre i dei viktigaste sakene.

750.000 lærarar, forelesarar ved universitet og høgskular og offentlege tenestemenn blir tekne ut i streik. Dette vil fullstendig lamme skuleverket domstolane, køyreskular og offentlege jobbsenter i England og Wales, melder Sky News.

Statssekretær Danny Alexander i Finansdepartementet vekte sinne blant offentleg tilsette tidlegare denne månaden då han gjorde det klart at regjeringa vil presse på for å få offentleg tilsette til å betale meir for sin eigen pensjon, i tillegg til å heve pensjonsalderen.

Truar med generalstreik

Og den varsla streiken torsdag kan berre vere byrjinga. Fagforeningsleiaren Dave Prentis har åtvara om at han vil ta ut over ein million tilsette i privat sektor om det ikkje blir ei løysing på usemja mellom fagforeningane og regjeringa.

Han seier at ein eveentuell streik til hausten kan blir den største i Storbritannia sidan den store generalstreiken i 1926.

LES OGSÅ: Flere titusen demonstrerte mot budsjettkutt i London

LES OGSÅ: Britene hamstrer bensin

LES OGSÅ: Redningsaksjon for British Energy

SISTE NYTT

Siste nytt