NRK Meny
Normal

Går inn for delvis forbod

Den nederlandske regjeringa går inn for eit delvis forbod mot å dekke til ansiktet i det offentlege rom. Dei som ikkje rettar seg etter loven kan få ein bot på opp til 3400 kroner.

Kvinne med burka i Haag

BURKAFORBOD: Den nederlandske regjeringa går inn for eit delvis forbod mot å dekke til ansiktet i det offentlege rom.

Foto: JERRY LAMPEN / Afp

Ifølge den nederlandske kringkastinga er det mellom 100 og 500 kvinner i Nederland som brukar burka.

– Klesplagg som dekker ansiktet vil ikkje verte akseptert i utdannings- og helseinstitusjonar, offentlege bygningar og på kollektiv transport, seier den nederlandske regjeringa i ei utsegn der dei støttar opp om innanriksminister Ronald Plasterk sitt forslag om eit delvis forbod mot dekkande hovudplagg.

Geert Wilders

ISLAMKRITISK: Geert Wilders frå det nederlandske Fridomspartiet er ikkje uventa sterk tilhengar av eit absolutt forbod mot å dekke til ansiktet.

Foto: MIKE STONE / Reuters

Eit liknande forslag har vore oppe til handsaming under den førre regjeringa, men vart då forkasta. Det er spesielt islamkritikaren Geert Wilders og hans Fridomsparti som har gått i bresjen for eit slikt forslag, men då i ein absolutt form.

Regjeringa vert framleis leia av Rutte, men har skifta frå ein sentrum/høgre-koalisjon til ein koalisjon mellom Rutte sitt liberalkonservative VVD og arbeidarpartiet PvdA. Regjeringa har sidan skiftet i 2012 jobba med å endre på dette lovforslaget.

– Ikkje eit absolutt forbod

Statsminister Mark Rutte hevdar at forslaget ikkje handlar om religion, og innanriksminister Plasterk skal ha konsultert med muslimske organisasjonar for å få støtte til forbodet. Regjeringa meiner dei måtte finne ein balanse mellom folk

Mark Rutte

HANDLAR IKKJE OM RELIGION: Forbodet har ikkje religiøse grunnar, hevdar statsminister Mark Rutte.

Foto: LUKE MACGREGOR / Afp

sin fridom til å gå kledd som dei vil og viktigheiten av å kunne gjenkjenne innbyggarane sin identitet.

– Forbodet gjeld ikkje på gata, men i spesifikke situasjonar kor det er viktig å kunne sjå folk, t.d. av tryggingsårsaker, sa Rutte etter regjeringsmøtet ifølge nyhendebyrået AFP.

Debatt på fleire nivå

Forbodet mot burka og andre dekkande plagg har lenge vekt debatt i Europa, og blussa spesielt opp i fjor då ei fransk muslimsk kvinne klaga Frankrike inn for Menneskerettsdomstolen i Strasbourg for å krenke hennar religions- og ytringsfridom og respekten for folk sitt privatliv. Domstolen kom fram til at forbodet ikkje bryt menneskerettane.

Også i Noreg har debatten gått. Medan Frp heile tida har vore klart for eit forbod, har Ap signalisert vilje til å ta diskusjonen på nytt i lys av Strasbourg-dommen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt