Hopp til innhold

Titusenvis gjekk «den smertefulle vegen»

Titusenvis av pilegrimar gjekk langfredag «den smertefulle vegen» i Jerusalem - vegen Jesus bar korset på si tunge vandring til Golgata.

Fleire hundre pilegrimar gjekk langfredag «den smertefulle vegen» i Jerusalem - vegen Jesus bar korset på si tunge vandring til Golgata.

Pilegrimar går i Jesu fotspor til korsfestinga i Jerusalem.

Langfredag markerer i kristen tradisjon den pinsame dagen då Jesus Kristus døydde på korset.

Før han blei hengd på korset og stilt ut til spott og spe på Golgata, måtte han bera korset på ryggen langs «Den smertefulle vegen» eller «La Via Dolorosa» på latin.

– Ei spesiell velsigning

Dette er ei gate i gamlebyen i Jerusalem som går frå St. Stefansporten til Den heilage gravs kyrkje. Langfredag kom det fleire titals tusen pilegrimar hit for å gå i Jesu fotspor og kjenna på lidinga hans.

Langs ruta er det 14 stasjonar der dei truande stoppar for å be. Folk hadde valfarta frå blant anna Filippinane, India, Spania og Sri Lanka for å ta del i denne vandringa.

– Det er ei spesiell velsigning å vitja dei same stadane som Jesus ein gong vandra på, seier pilegrimen Anthony Jegabhes til nyheitsbyrået AP.

SISTE NYTT

Siste nytt