NRK Meny
Normal

Går av etter korrupsjonsskuldingar

Næringsministeren i Italia, Claudio Scajola, trekkjer seg etter skuldingar om korrupsjon i samband med eit bustadkjøp.

Claudio Scajola trekkjer seg frå regjeringa i Italia.

Claudio Scajola har vore næringsminister i Italia.

Foto: RICCARDO DE LUCA / Ap

Scajola nektar for å ha gjort noko gale, men seier at det ikkje er mogleg å halde fram i regjeringa med slike skuldingar hengjande over seg.

Sist veke melde italienske aviser at statsminister Silvio Berlusconi hadde avvist ein avskilssøknad frå Scajola.

Den avgåtte statsråden tilhøyrer Berlusconis parti Forza Italia, og han blir rekna for ein av statsministeren sine nærmaste medarbeidarane.

- Eg må forsvare meg. Og for å forsvare meg kan eg ikkje halde fram som minister, sa Scajola etter eit møte med Berlusconi i dag.

Politiet trur pengane Scajola brukte til å kjøpte ein bustad i hovudstaden Roma i 2004, stammar frå ein korrupsjonsdømd italiensk forretningsmann.

Scajola har vore statsråd også tidlegare. I 2002 vart han tvungen til å gå av, etter at dommaren Marco Biagi vart drepen av den venstreekstreme organisasjonen Raude Brigadar.

Dette skjedde kort tid etter at Scajola hadde avgjort at Biagi ikkje lenger hadde behov for livvakter.

LES OGSÅ: Rødebrigadister drapsdømt

LES OGSÅ: Rødebrigadister tatt

LES OGSÅ: Massedemonstrasjon i Roma

LES OGSÅ: Røde Brigader-gruppe bak drap

LES OGSÅ: Italia i sjokk etter politisk drap

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt