Hopp til innhold

Gamle grendi

Det kom som ei stor overrasking at ein kollega ifrå Karmøy skulle byrje sitere Ivar Aasen til meg.

Korrespondent på oppdrag i Warszawa i fjor haust.

Korrespondent på oppdrag i Warszawa i fjor haust.

Foto: Andras D. Hajdu / Andras D. Hajdu

Ofta minnest eg mi gamle grend,

naar eg framand uti Verdi stend,

heimlaus, frendelaus og lite kjend,

og likar på leiken ille.

– Ivar Aasen 1863.

Bakgrunnen for denne diktopplesinga av «gamle grendi» var at eg hadde vore så uheldig å bli smitta av korona, og låg på sotteseng i Berlin.

Eg kan skrive under på at stemninga var ganske laber hjå NRKs «Berlin station» på den tida. Kollegaen ville berre tilby litt trøyst.

Nede for teljing

Uansett kor ein snur og vender på det, så er covid-19 berre fælt, milde symptom til trasss.

Kvar morgon var det ein kamp å stavre seg ut på toalettet med dundrande skallebank og mørbanka kropp. Fysisk mørbanka av eit virus.

Brått ringde telefonen igjen. Ein kamerat kunne fortelje at han overlevde Malaria tre gongar i Afrika. Det var berre å stå han av.

Vi mannfolk har jo ein tendens til å bli litt sytete når vi er sjuke. Men det er jo klart ein byrjar lure på kva ein held på med.

Her skulle eg til ein europeisk storby for å virke som journalist og suge til meg urbane vibbar. Så enda det opp i eit nedstengt Europa og karantene på karantene før det heile krasjlanda.

Nye opplevingar

Det er da den tredje venen ringer og minner meg på kor heldig eg har vore. NRKs «Berlin station» hamnar jo litt i skuggen av meir fasjonable byar som Paris, London og New York.

Her handlar det mykje om Aust-Europa: Warszawa og Bratislava. Tunge økonomiske saker i Tyskland.

Noko eg synest er utruleg spanande, men kanskje ikkje tabloid nok i eit mediebilde som hungrar etter kjendisar og skandalar?

Tyskarane forvaltar Europas pengesekk, går det skeis her vil du kjenne det på lommeboka di.

Eg har lenge prøvd å kome meg på innsida av den mektige tyske bilindustrien. Utan hell.

Så kom koronaen, og dette vart snudd opp ned:

Plutseleg fekk eg tilbod om å vere med å prøvekøyre den nye elbilen til BMW!

Her er det mange om beinet, og det er berre dei mest erfarne biljournalistane som får vere med på slikt.

BMW

David Ferrufino er superstjerne blant bilutviklarane i tysk bilindustri. Han har mellom anna designa den moderne minien.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Men på grunn av stengde grenser, opna det seg ein sjanse for ein vanleg dødeleg korrespondent også. Rett og slett fordi eg allereie bur i Tyskland og ikkje må i karantene.

Som passasjer hadde eg sjefdesignaren for BMWs nye elbilsatsing, David Ferrufino, som eg fritt kunne intervjue til eg vart lei av å køyre runde etter runde på BMWs private racerbane i München.

Sport og politikk

Koronaviruset har også opna dørene inn til europeisk vintersport. Ein overraskande invitasjon til å vere med den flotte gjengen i NRK sporten som skulle dekke VM i skiskyting i Slovenia.

Liv Grete Skjelbreid

Ekspertkommentator Liv Grete Skjelbreid er linselus i Pokljuka, Slovenia. VM i skiskyting 2021.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Det var utruleg godt å vere saman med kollegaer etter å ha levd som ein eremitt i eit nedstengd Berlin.

Den trygge basen i Slovenia var eit fint utgangspunkt for ein reportasje om flyktning og migrantkrisa i Bosnia. Det var berre ein kort køyretur frå skiskyttarstadion i Pokljuka til desperate menneske i triste leire på grensa til Kroatia.

Bosnia

Møte med asylsøkarar frå Afghanistan i Bosnia. Ein stor kontrast frå VM i skiskyting berre ein biltur frå grensa til Kroatia.

Foto: Nicola Zini / NRK

Ut av boksen

Koronaen gjer at vi må samarbeide over både fag-grensene og landegrensene.

Det har fått meg og mange andre til å tenke litt ut av boksen som ein kallar det. Vi må improvisere, hjelpe og ta vare på kvarandre. Og ikkje minst lære av utfordringane pandemien gjev oss.

Noko det kanskje er litt tungt å glede seg over der ein ligg som ei sjøstjerne i senga og lengtar heim.

Då er det kanskje litt trøyst likevel i diktet om Gamle grendi.

SISTE NYTT

Siste nytt