NRK Meny
Normal

Galskapen i Pamplona i gang igjen

Trass i protestar frå dyreaktivistar over heile verda, var det i dag tidleg duka for eit nytt okseløp i dei tronge sentrumsgatene i Pamplona. To amerikanarar og ein brite vart spidda av oksane, men ingen av dei er livstruande skadd.

Gå til forsiden

Første okseløpet under San Fermin-festivalen i 2015

Okseløp i Pamplona.

Første okseløpet under San Fermin-festivalen i 2015

14 bilder

    I tillegg vart åtte personar, dei fleste av dei utlendingar, lettare skadde. Hordar av utanlandske turistar, spesielt amerikanarar, reiser kvart år til den tradisjonsrike festivalen, som heidrar Pamplonas vernehelgen San Fermin.

    Mann beskytter hode for okse under Pamplona-okseløp

    Det gjekk hardt føre seg i Pamplonas gater i dag tidleg.

    Foto: Daniel Ochoa de Olza / Ap

    Okseløpet i dag var det første under den ni dagar lange festen, som er prega av fyll, spetakkel, musikk, tyrefekting og halloi 24 timar i døgnet frå 7.-14.juli.

    Hemingway og Gjelsvik

    San Fermin-festivalen har ei fleire hundre år lang historie, men vart først kjent utanfor Spania etter at Ernest Hemingway skildra den svært spesielle folkefesten i romanen «Og solen går sin gang» (The Sun also Rises) frå 1926.

    Fleire hundre nordmenn deltek på festivalen kvart år, svært mange av dei er gjengangarar frå år til år. Nordmenn oppdaga for fullt festivalen etter at forfattaren og Hemingway-entusiasten Erling Gjelvsiks skildra tre unge nordmenn sitt møte med folkefesten i romanen «Dødt Løp» frå 1977.

    Okseløpet går føre seg ved at seks velvaksne oksar blir jaga inn i gata som leier inn til tyrefektararenaen. Fleire hundre personar, i all hovudsak menn, dei fleste godt på ein snurr, samlar seg i gata framfor. Når så signalet går og oksane er ute i gata, er det berre å springe alt ein greier mot arenaen og håpe det beste.

    Okseløpene i Pamplona i Spania er i gang

    VIDEO: Sjå det ville okseløpet i Pamplona.

    15 omkomne sidan 1924

    Menneske blir skadde ved nesten alle dei ni okseløpa under festivalen, og det har også vore fleire dødsfall opp gjennom åra. Sidan dei starta med offisiell teljing i 1924 har 15 menneske mist livet under okseløpet i Pamplona.

    Oksane som deltek i løpet er dei same som på kvelden skal i aksjon mot profesjonelle tyrefektarar inne på arenaen. Der er utfallet alltid det same, oksane må bøte med livet.

    Dyrevernsgrupper demonstrerer kvart år mot både okseløpet og tyrefektinga, og tyrefekting har dei fleste stader i Spania vorte stadig mindre populært. Men det har ikkje vore mogleg å få slutt på det under San Fermin og fleire andre byfestar i Spania.

    Det er okseløp også under fleire andre byfestar i Spania, men ingen av dei er i nærleiken av å vere så vidgjeten som San Fermin-festivalen.

    Laster innhold, vennligst vent..
    Laster innhold, vennligst vent..

    SISTE NYTT

    Siste nytt