Gaddafi: Vil aldri overgi meg

Muammar Gaddafi seier at han vil halde fram kampen mot dei libyske opprørarane, og at han aldri vil gi opp.

Muammar Gaddafi var dikator i Libya i 42 år.

Talen vart lesen opp på fjersyn med eit bilete av Gaddafi på skjermen.

Foto: EVN

Saif al-Islam Gaddafi

Saif-al-Islam er ein av sønene til Muammar Gaddafi. Han oppheld seg truleg saman med faren.

Foto: PAUL HACKETT / Reuters

- Eg er klar for ein lang kamp, trass i at Libya står i brann, seier han ifølgje den syriske fjernsynskamaløen al-Rai.

Gaddafi sende ut ei fråsegn om dette i ettermiddag. Her åtvarar han om at ørkenstammame som støttar han, er væpna og vil halde fram kampen. Det går rykte om at han vil halde ein radiotale seinare i dag.

- Hald fram kampen

Den libyske leiaren, som oppheld seg på ukjend stad etter at opprørarane tok kontroll over hovudstaden Tripoli, ber tilhengjarane sine om å halde fram motstanden.

- Sjølv om de ikkje høyrer røysta mi, så hald fram motstandskampen, heiter det i fråsegna frå Gaddafi. I dag er det 42 år sidan Muammar Gaddafi tok makta i Libya i eit militærkupp.

Han held fram:

Saadi Gaddafi

Saadi Gaddafi har sagt at faren vil forhandle om å overgi seg.

Foto: GIAMPIERO SPOSITO / Reuters

- Vi vil aldri gi opp. Vi er ikkje kvinner. Vi vil halde fram kampen, vi er ikkje slavar, heiter det i eit sitat som er sendt ut på den syriske fjernsynskanalen al-Rai.

Gaddafi seier også at det er ei djup splitting mellom opprørarane og NATO.

- Om dei vil ha ein lang kamp, la han bli lang. Om Libya brenn, så la det brenne, seier han i bodskapen sin.

Samstundes kjem det meldingar om at nye nære medarbeidarar av Gaddafi har gått over til opprørarane, blant andre statsministeren.

Kan vere i ørkenby

Ein talsmann for opprørarane har peika ut ørkenbyen Bani Walid , rundt 150 kilometer sør for Tripoli, som Gaddafis gøymestad. Her skal han opphalde seg saman med sonen Saif al-Islam og den tidlegare etterretningssjefen Abdullah al-Senoussi.

Tidlegare har ein annan son, den tidlegare fotballspelaren Saadi, sagt at faren ynskjer å forhandle med opprørarane. Dette blir avvist av Saif al-Islam, som også har mana til å halde fram kampen.

Muammar al-Gaddafi

Muammar Gaddafi nektar å gi opp. I dag er det 42 år sidan han tok makta i Libya i eit militærkupp.

Foto: YVES HERMAN / REUTERS

I dag vart det klart at EU oppheva alle sanksjonar mot Libya, og at Russland har offisielt godkjent opprørsrådet som dei offisielle makthavarane i det nordafrikanske ørkenlandet.

Uklart om utvida frist

Opprørarane skal i dag også ha sagt dei gir dei Gaddafi-lojale ei vekes ekstra tid til å overgi seg. Den opprinnelege fristen for å overgi seg går ut laurdag. Mange av opprørarane har forskansa seg i hamnebyen Sirte, som også er fødebyen til Muammar Gaddafi.

Men andre kjelder blant opprørarane seier at det ikkje er snakk om å gi Gaddafi-styrkane utvida frist, og at dei no kuttar straum- og vassforsyninga til byen.

I dag har også EU-leiarane blitt samde om å bli i Libya til Gaddafi-regimet er fullstendig slått .

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt