Hopp til innhold

Gaddafi-styrkar bombar fleire byar

Styrkar som støttar den libyske leiaren Muammar Gaddafi, har sleppt bomber over byane Brega og Ajdabiyah aust i landet.

Ein opprørar med antiluftskyts i Brega

Ein opprørar med antiluftskyts i Brega.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

TV-kanalen Al Jazeera melder om kraftige kampar rundt Brega, medan Al Arabiya melder at flyplassen utanfor byen er teken.

– Det er sant. Brega vart bomba frå lufta, og styrkane til Gaddafi har teke byen, seier offiseren Mohamed Yousef, som har gått over til opprørarsida.

To andre offiserar stadfestar at byen er angripen.

Al Jazeera melder også at libyske kampfly har bomba byen Ajdabiyah i det same området. Dei skriv at 14 personar er drepne i angrepet mot Brega.

Opprørarane har hatt kontroll i Brega og områda rundt sidan midten av februar. Gjenerobringa av Brega er det første teiknet på at Gaddafi har starta ein større motoffensiv.

– Ser ut som Gaddafi-plan

NRK-reporter Hallvard Sandberg er på grensa mellom Tunisia og Libya. Han fortel at det er vanskeleg å seie kva det er som skjer.

– Det er stridshandlingar i Brega, men det er ikkje ein klart definert front, seier han.

Sandberg er nær byen Nalut, og fortel at det same skjer også der.

– Men det er uklart kva side som leiar opprøra. At det er Gaddafi-lojale som er på offensiven, stemmer godt militært sett, seier han.

– Det ser ut som ein Gaddafi-plan for å vinne tilbake kontrollen over byane som opprørarane har teke kontroll over, fortel Sandberg.

Ein spikar i kista

Ein talsmann for opprørsstyrkane seier dei har klart å ta tilbake kontrollen i Brega, onsdag føremiddag.

– Dei prøvde å ta Brega i dag tidleg, men dei greidde det ikkje. Byen er tilbake i vår kontroll. Gaddafi prøver all mogleg psykologisk krigføring for å vinne, seier Mustafa Gheriani.

Han kallar angrepa mot Brega og Ajdabiyah for «hit and run»-angrep, og seier sistnemnde by i stor grad er under kontroll, men at dei no vil be om hjelp frå utsida av Libya.

– Vi kjem truleg til å be om hjelp frå utlandet. Vi trur flyangrep mot strategiske område vil sette den endelege spikaren i kista for Gaddafi, seier han.

Klare til å kjempe

Den libyske regjeringa nektar for at dei bombar byane.

– Det tviler eg på. Eg trur dette er falske rapportar, seier talsmann Mussa Ibrahim til nyheitsbyrået Reuters.

Kaptein Faris Zwei, som er ein av mange deserterte offiserar, seier 10.000 frivillege står klare til å kjempe mot Gaddafi i Ajdabiyah.

– Vi er i ferd med å reorganisere hæren som Gaddafi og gjengen hans heldt på å bryte ned og øydeleggje. No fyller vi på med ungdom som deltok i revolusjonen, seier han til Reuters.

Også i vest er det teikn til ein motoffensiv. Ein journalist i Tunisia observerte Gaddafi-lojale styrkar som tok tilbake ein tom grensepost, medan innbyggjarar i Nalut seier at dei fryktar å bli angripne av styrkane til Gaddafi.

SISTE NYTT

Siste nytt